Bergens Tidende

Dei har namn og historier, eg håpar at du ser dei

-

forklaring på kvifor vi i Noreg har bestemt oss for å kalle Afghanista­n trygt og sende ungdommar tilbake dit, trass stadige nyheiter om krigslikna­nde tilstandar. Eg møter mange sladdar. Eg ber om innsyn. Mottar mange e-postar om at innsyn er avslått.

Guten blir flytta frå eit mottak til eit anna.

Januar 2017. Mottaket han blei flytta til, skal bli lagt ned. Guten får vite at han skal flytte. Igjen. Veit ikkje kor eller når.

Mars 2017. Kristian Valen deltek i Melodi Grand Prix. Eg chattar med guten og spør om han har sykkel på det nye mottaket. Det har han ikkje. Han seier han har det bra. Spør om eg har det bra. Han gjer alltid det.

April 2017. Guten har blitt flytta til eit tredje mottak. Han har ønskt å komme til dette mottaket før, så det er positivt. Eg kan likevel ikkje unngå å tenke at tre ufrivillig­e flyttingar på eit halvt år, det er ikkje sunt. Men eg seier det ikkje. Han skriv at han har det OK.

PÅ MOTTAKET SIT GUTEN og forsøker få dagane til å gå. Kulissane er fager vestlandsn­atur i verdas rikaste land. Likevel opplever han ei usikkerhei­t ingen av oss kan setje oss inn i. Men la oss prøve. Prøv sjølv om eg ikkje har fortalt deg namnet hans. Det er så altfor mange vi ikkje kjenner namna til. Men dei har namn. Og historier. Dei har familie, naer eller fjern. Dei har traume og draumar og håp og angst. Dei har lyst til å kjenne seg trygge, bidra, smile både med munn og auger. Dei har kome til eit nytt land. Som tilfeldigv­is er der du og eg også bur.

VI TENKTE DET VILLE HJELPE å vise eit ansikt, presentere eit namn, fortelje heile historia hans. Og det skulle vi så gjerne gjort, latt deg bli betre kjent med denne guten. Men tanken vår er endra. Vi har sett så altfor mange slike saker, både dei som zoomar inn på tårefylte barneauger og dei som viser statistikk og tal. Trass alle desse sakene har ikkje situasjone­n til gutane på asylmottak­a blitt betra. Vi ønskjer ikkje utsetje guten for meir risiko enn det han allereie utset seg for, når risikoen truleg ikkje vil gi han noko gevinst i form av større håp om endring. Difor kjem desse linjene utan noko namn. Vi håpar likevel at du ser han. Det er i skrivande stund naer 1000 einslege mindreårig­e asylsøkara­r i norske mottak. Einslege. Mindreårig­e.

KVA PARTI VIL VERE det første til å seie at vi skal gje alle desse opphald? Og at alle nye som måtte komme skal få søknadane sine behandla i løpet av maks fire månader. Signaleffe­kt, sa du? Ja, la oss sende eit signal om at vi tar barnekonve­nsjonen på alvor! At vi set menneske framfor måltal, lar refleksen vår vere solidarite­t før skepsis. Eg håpar vi har politikara­r som tør å gå lenger den vegen, og eg håpar og trur at du som veljar vil støtte eit slikt forslag. Vegen frå traume til trivsel vil for mange asylsøkara­r vere vanskeleg, men dei fleste kan og vil bidra til samfunnet. La oss gi dei den sjansen! Ikkje berre er det ei investerin­g i ve og vel til mange jenter og gutar, det er også ei samfunnsøk­onomisk investerin­g å bygge born og unge opp, framfor å bryte dei ned.

September 2017. Stortingsv­al i Noreg.

 ?? FOTO: KJARTAN BJELLAND ?? VENTETID: Kva fyller du dagane dine med? spør eg. Han «slappar av». Gjer ingenting. Dagane blir lange, skriv artikkelfo­rfattaren.
FOTO: KJARTAN BJELLAND VENTETID: Kva fyller du dagane dine med? spør eg. Han «slappar av». Gjer ingenting. Dagane blir lange, skriv artikkelfo­rfattaren.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway