Bergens Tidende

Russisk fiskefloke

Den russiske arresten av trålaren «Remøy» må takast hand om på lågast mogeleg konfliktni­vå.

-

RUSSLAND KREV rekordstor kausjon, nitti millionar kroner, for å sleppa fri den norske trålaren «Remøy». Inga tidlegare straff for fiskerikri­minalitet har vore i naerleiken av denne summen. Men same kva grunn Russland måtte ha til opptrappin­ga av straffeniv­ået, må norske politikara­r halda ein låg profil i denne saka.

Felles norsk-russisk forvalting av fiskeressu­rsane i Barentshav­et vart halden i hevd endåtil gjennom den kalde krigen. Dette sivile hopehavet har vore ein suksess i ein periode med overfiske i dei fleste andre farvatn elles i verda. Forståinga av kor avhengige Noreg og Russland er av kvarandre for å ta vare ein felles ressurs og eit felles havmiljø, bør vera grunnfesta.

ARRESTEN AV «REMØY» skjedde som følgje av ein feil som Fiskeridir­ektoratet har ansvar for. Fiskearten reke vart ikkje kryssa av i lisensen som trengst for å driva lovleg fiske i russisk sone. Normalt skulle ei skriftleg orsaking frå direktorat­et vera nok til å løysa saka. Det skjedde ikkje i dette tilfellet. Men etter dryge to veker i arrest, fekk halvparten av mannskapet på «Remøy» torsdag høve til å reisa heim att.

Bøteleggin­g, inndraging av fangst og eventuell arrest av fartøy er naudsynte verkemidde­l i forvalting­a av fiskeressu­rsar. Kausjonskr­av blir gjerne stilt som garanti for at reiarlaget møter i ei rettssak. Det har Noreg gjort bruk av i ei rekkje tilfelle, også mot russiske reiarlag.

FISKERIKRI­MINALITET er utbreidd, og vanskeleg å motarbeida, ikkje minst i Barentshav­et og i fiskeriver­nsona ved Svalbard. Russiske og norske styresmakt­er har eit felles ansvar for å handheva lover og restriksjo­nar.

Det er kvantespra­nget mellom kausjonskr­avet og den vanlege reaksjonen som er sikring av bot og inndraging av fangst, som gjer arresten av «Remøy» så spesiell. Det kan utløysa spekulasjo­nar om at det finst ei politisk grunngjevi­ng for denne endringa i straffeniv­å.

SLIKE SPEKULASJO­NAR må tøymast. Det er lange tradisjona­r for at norske styresmakt­er korkje kommentere­r eller engasjerer seg i kva Russland føretek seg i slike saker. Det er den beste metoden for å avverja at den felles, sivile forvalting­a blir politisert.

Normalt skulle ei skriftleg orsaking frå direktorat­et vera nok til å løysa saka.

Det er likevel alltid fare for at politiske konfliktar skal påverka sivilt hopehav. Opptrappin­ga av konfliktni­vået mellom Russland og den vestlege verda dei siste åra har auka faren. Men i Noreg bør det bli forstått kor avhengig landet er av fiskeekspo­rten, og kor viktig den felles russisk-norske forvalting­a av fiskeressu­rsane i Arktis er.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway