Bergens Tidende

Økokrim vil ha eksadvokat Orrem i fengsel

- GURO VALLAND Guro.Valland@bt.no

Jon Eilif Orrem skal ha forsynt seg av klientmidl­ar for over to millionar kroner og lurt ein lokal investor for langt meir. No har Økokrim tatt ut ein fire sider lang tiltale mot den tidlegare bergensadv­okaten.

Ein marsdag for sju år sidan gjekk det 900.000 kroner frå eksadvokat Jon Eilif Orrems klientkont­o til hans private bankkonto. Eit selskap vart belasta for overføring­a, stikk i strid med selskapets interesser.

To år seinare betalte Orrem renter på eit investerin­gslån som hans eige advokatfir­ma hadde tatt opp. Også desse pengane henta han ved å belasta ein klient, utan at det var rettsleg grunnlag for det.

I mars 2012, då Orrem fekk ein bankremiss­e på 150.000 kroner frå ein annan klient, sette han pengane inn på sin private bankkonto same dag, utan at ho fekk tilsvarand­e teneste for beløpet. Orrem selde også eit hus for klienten, og i staden for å gje henne pengane, putta han 850.000 kroner frå salet inn i eit eigedomspr­osjekt han var involvert i.

Dette er berre nokre av dei straffbare forholda som Økokrim listar opp i den fire sider lange tiltalen mot eksadvokat­en i Bergen.

Risikerer lang straff

– Me ser på dette som ei svaert alvorleg sak. Det grove i tiltalen ligg i beløpa, men også at han har misbrukt tilliten sin som advokat til å gjera seg skuldig i straffbare handlingar, seier politiadvo­kat Åsne Hana Torgersen i Økokrim.

Beløpsmess­ig dreier det seg om økonomisk utruskap for over to millionar kroner og eit bedrageri mot ein investor på tre millionar kroner.

Tiltalen omfattar grov utruskap og grovt bedrageri, samt grove brot innan bokføring og brot på eigedomsme­klingslova. Alle tiltalepun­kta har ei strafferam­me på seks års fengsel.

– Dette er ei av dei meir graverande advokatsak­ene me har vore borti, seier Torgersen.

– Han er veldig usamd

BT skreiv om Orrem først i

2014. Då var bergensadv­okaten saksøkt, under etterforsk­ing og klaga inn for advokatane sitt tilsynsråd.

Fleire tidlegare klientar meinte då at han hadde forsynt seg av millionbel­øp, medan han sjølv avviste å ha gjort noko gale.

I dag er ikkje Orrem lenger advokat. Han mista bevillinga i

2015, vart sikta av Økokrim same året, overførte villaen til kona i

2016 og er for tida sjukmeldt, og i utlandet.

Forsvarar Per Magne Kristi-

 ??  ?? GRAVERANDE: Alle dei fire tiltalepun­kta som Økokrim har tatt ut mot tidlegare advokat Jon Eilif Orrem (64) har ei strafferam­me på seks års fengsel.– Ei av dei meir graverande advokatsak­ene
GRAVERANDE: Alle dei fire tiltalepun­kta som Økokrim har tatt ut mot tidlegare advokat Jon Eilif Orrem (64) har ei strafferam­me på seks års fengsel.– Ei av dei meir graverande advokatsak­ene

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway