Bergens Tidende

Skogens svartedaud tek knekken på aska

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto PAUL S. AMUNDSEN

I snart åtte generasjon­ar har formaninga vore den same: Ta vare på denne aska! No hjelper ingenting lenger. Askedøden herjar.

Henning Haukeland fortvilar. At han skulle vera den som ikkje lenger klarer å ta vare på det gamle tuntreet, er vondt å akseptera. Men gartnaren frå Søreide kjenner på eit irrasjonel­t ansvar. Mot sjukdomen som trugar med å ta livet av all ask, kjempar sjølv dei mest ihuga til fånyttes. Askeskotsj­uka feiar over skogane som ein floraens svartedaud­en. – Det er trist og vemodig, seier Haukeland.

60 prosenbort­e i Litauen

I 25 år dreiv han gartneri. Hagebruk er faget hans. Inntil dei stolte, fleire hundre år gamle trea kjenner han seg liten og forgjengel­eg. Han skulle så gjerne ha gjort noko for å syta for at dei framleis kan stå. Men mot askeskotsj­uka hjelper korkje vilje eller fagkompeta­nse. Dei gamle kjempene står for fall.

– Vi har ingen garanti. I ein urskog i Polen har 80 prosent av asketrea dødd i løpet av 25 år. Danske og svenske undersøkin­gar viser at berre ein liten del av trea er resistente mot sjukdomen, og vi må diverre forvente høg dødeleghei­t også i Noreg, seier Fride Høistad Schei, forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Asiatisk sopp

Det er ein asiatisk sopp, tilfeldig innført til Polen med plantemate­riale i byrjinga av 90-talet, som har sett askepopula­sjonen i heile Europa på spel. Soppen fører til sjukdom i Asia også, men der finn ein ikkje vår ask, og slektninga­ne taklar soppen godt. Her i Europa har han vist seg å vera fatal. Soppen invaderer treet og hindrar vasstransp­orten opp i treet og ut til greinene. Fleire og fleire asketre står no med tørre og bladlause greiner som sprikar mot sky. Dei fleste av dei kjem truleg til å døy, sjølv om det ifølgje forskaren finst døme på tre som overlever og får nye greiner.

– Det kan ta ti år og meir frå eit tre blir smitta, til det døyr. Det må gjerne fleire angrep til

 ??  ?? FORTAPT: Attmed tuntreet blir Henning Haukeland liten. Slik kjenner han seg også stilt overfor ein tresjukdom som no ser ut til å føra den gamle aska i døden.
FORTAPT: Attmed tuntreet blir Henning Haukeland liten. Slik kjenner han seg også stilt overfor ein tresjukdom som no ser ut til å føra den gamle aska i døden.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway