Bergens Tidende

Fann gammal kunst i veggen

- ADALHEIDUR AUDARDOTTI­R OLDEIDE adalheidur.oldeide@bt.no foto TOR HØVIK

– Dette var eigentleg ganske mystisk. Og veldig, veldig gøy, seier Erlend Hofstad hos fylkeskons­ervatoren i Hordaland.

Hofstad står i andre etasje i eit gammalt murhus i Skostredet i Bergen sentrum. Det er lite som minner om ein bar i det nakne rommet han står i, men så seint som i fjor, var det nettopp nattklubbe­n Ovenpå som lokka folk hit.

No er det selskapet Bergenwork­s som snart flyttar inn i lokalet. Midt i oppussinga gjorde imidlertid leiar i selskapet, Christian Erichsen, ei oppdaging av dei sjeldne.

– Vi var midt under rivinga av spegelen bak baren her då eit svært bilete dukka opp. Det er heilt tydeleg at det skal førestille sjøbodene i Bergen.

– Eit mysterium

Biletet av det Erichsen meiner kan vere sjøboder i Bergen, er fleire meter breitt, og kan sjå ut som ein illustrasj­on av Bergen i full brann.

Erichsen seier han blei svært oppglødd då han oppdaga kunsten som låg godt gøymt inne i veggen. Han blei ikkje mindre gira då han etter nokre dagar fekk beskjed om at det hadde dukka opp endå eit måleri under oppussinga.

Denne gongen eit svært bilete av tre nakne kvinner.

– Vi blei mildt sagt overraska. Det er jo veldig spesielle måleri. Eg er utruleg nysgjerrig på kva tid dei stammar frå, og ikkje minst kven som har måla dei.

Erichsen har fått besøk av fylkeskons­ervator Hofstad i Hordaland Fylkeskomm­une. Håpet er at han kan seie noko meir om historia til bygget, og ikkje minst noko om historia bak kunsten i veggen.

Sjeldan vare

Hofstad har gjort leksene sine før han kjem til staden. Han kan fortelje at denne delen av bygget blei bygd i år 1840. Huset i Vestre Skostredet var ifølgje Hofstad truleg ein del av eit viktig handelsomr­åde i Bergen sentrum på den tida.

Dei siste tjue åra er det nattklubbe­n Ovenpå som har halde

Ekspertar som har sett på biletet meiner det skal førestille Bergen.

til i bygget, men på 1970 – og – 80-talet var det den populære bergenskaf­eteriaen Mekka som heldt til i huset.

– Dette er verkeleg spanande.

Det er sjeldan det dukkar opp bilete som er gøymt inne i veggane i gamle bygg, seier Hofstad når han får sjå måleria.

Han fattar størst interesse for arkitektur­biletet av Bergen, og meiner det kan stamme frå tidleg 1900-tal.

– Det er litt jugendstil på det. Det store spørsmålet her er jo

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway