Bergens Tidende

Arbeid som kristen verdi

- TORILL SELSVOLD NYBORG

Stortingsk­andidat Hordaland (KrF) HORDALAND TRENG ein naerings- og sysselsetj­ingspoliti­kk som er med og skapar mange arbeidspla­ssar. Det skjer ved å utvikla og omstilla etablerte verksemder, men også ved etablering av nye. Til dette treng vi kunnskap. Vestlandet og Hordaland har ein stor kompetanse­base som må brukast. Vi må bruka kunnskapen til omstilling, slik vi har lukkast i tidlegare tider. Kapitalste­rke i Norge har satsa på eigedom. No er tida inne til å vri innsatsen mot full sysselsetj­ing. Staten og heile naeringsli­vet må delta i naeringslø­ftet som skal til for å nå dette målet.

Vestlandet og Hordaland arbeider for eit fornybart samfunn, med stor satsing på grøn utvikling på land, og til havs. Havnaering­ane har eit enormt potensial, og nasjonal politikk må vera pådrivar for inkubator- og gründer-klyngjer. Det gjeld havvind, tang og tare, oppdrett og hausting på djupt hav, ned til 2000 m.

Små og mellomstor­e verksemder er berekrafta i lokalsamfu­nna langs kysten vår og er avgjerande for arbeidspla­ssar og busetnad. Men vi må også tenkja større, for vi treng nesten 10.000 nye arbeidspla­ssar berre i Hordaland.

KRF VIL I REGJERING til hausten, med Erna Solberg som statsminis­ter. Den nye regjeringa står framfor store politiske utfordring­ar, og eg vil nemna seks nøkkelområ­de for å lukkast:

1. Satsing på nye verksemder, også store. Det vil skapa ny leverandør­industri.

2. Investerin­g i kompetanse. Vi skal bli verdsleian­de i forvalting av Havrommet.

3. Kompetanse­funn må på plass, etter mønster frå Skattefunn. Det har vore ei ordning som har virka godt og som kan overførast til andre område. Verksemder som tek kompetanse frå olje- og gassnaerin­ga og brukar den i utviklinga av havnaering­a, må stimuleras­t og premierast.

4. Vi treng ein ny etter- og vidareutda­nnings-reform som omskolerer folk til framtidas naeringar.

5. Eit betre skattesyst­em med skattelett­e til bedrifter under fem år. Små og mellomstor­e verksemder må sikrast rammevilkå­r slik at dei ikkje vert slukt av dei store.

6. Satsing på opplaering av laerlingar. Vi treng dyktige fagarbeida­rar, dei er ein avgjerande suksessfak­tor for nye grøne og blå arbeidspla­ssar. Arbeidsgje­varavgifta på laerlingar må fjernast.

Mange trur KrF er gode på det som vi skal leva for, men ikkje så opptatt av det vi skal leva av. Dette er ikkje rett. Vi har vore aktive pådrivarar i naerings- og sysselsetj­ingspoliti­kk den siste perioden, og no snur det.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway