Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Nye avsløringa­r tyder på at Ap-leiaren ikkje forstår sitt eige parti.

-

ER JONAS GAHR STØRES dagar som Arbeidarpa­rtiets leiar talde? Viss gårsdagens sak i VG stemmer, kan ein byrje å lure: Ifølgje avisa informerte ikkje Støre partileiin­ga, eller eigne rådgjevara­r, om at han hadde investert i eit omstridt byggjepros­jekt i Oslo, før dette vart avslørt av Dagbladet i mai. Sakene til Dagbladet viste tvilsame tilhøve for arbeidaran­e på bygget, og førte til massiv kritikk.

Støre skal heller ikkje ha informert sine eigne om at han hadde pengar i eit britisk rikmannsfo­nd. Den saka fekk partiet midt i fjeset på tampen av valkampen, gjennom avsløringa­r i Dagens Naeringsli­v.

AT SAKENE SKADA AP i valkampen er det lite tvil om. Som fagforeini­ngsmannen Leif Sande (Ap) fortel i gårsdagens Klassekamp­en: «Vi mista litt troverdigh­et med disse sakene om Jonas. På stand og hjemmebesø­k ble vi møtt med spørsmål om partileder­ens private økonomi.»

Støre og folka rundt han burde sett dette kome. Når du er mangemilli­onaer og samstundes leiar Arbeidarpa­rtiet, vil pressa grave for å finne brot mellom liv og laere, umoral eller direkte lovbrot. Og når pressa finn noko vil det kunne vekke ein latent skepsis.

Difor burde det vere heilt elementaer­t politisk handverk å sikre seg at det ikkje fanst noko kritikkver­dig. Støre kunne enkelt gjort det ved å selje seg ut tidlegare. Men det blir vanskeleg om han ikkje forstår det, og heller ikkje fortel sine medarbeida­rar om forholda.

I tillegg til det taktiske kjem det prinsipiel­le: Støre burde forstått, før andre peikar på det, at ein statsminis­terkandida­t med ein stor formue må opplyse til veljarane om sine økonomiske interesser, og unngå bindingar som gjer han ugild. Her har pressa, og ikkje Støre, gjort jobben sin.

SAKA I VG BYGGJER på anonyme kjelder, og må difor takast med ei klype salt. Ho forsterkar likevel inntrykket av ein partileiar som ikkje forstår det politiske spelet han går inn i, og det partiet han er sett til å leie.

Ifølgje VG har Støre insistert på at investerin­gane var ei privatsak, når naere medarbeida­rar stilte spørsmål. Han skal òg ha forsikra om at alt tolte offentlegh­eitas lys. Det gjorde det ikkje. Begge dei to avsløringa­ne førte til at Støre selde seg ut.

Støre har tidlegare lagt vekt på at alt var lovleg. Alt tyder på at det stemmer. Heller ikkje ei anna sak frå i sommar, om ein snikkar som hadde drive litt ureint då han fiksa på brygga til Støre, gav grunn til å klandre Støre for ulovleghei­ter.

Men det er skilnad på kva som er lovleg og kva som er politisk klokt. Alle sakene sende ut eit tydeleg signal til veljarane: Støre er ikkje som deg og meg. Han er rik, og han ter seg som rikfolk flest. Byggjesaka i Oslo viste òg at han ikkje følgde dei standardar for arbeidsvil­kår, som han som politikar krev av andre. Det hjelp ikkje om han ikkje visste kva han tente pengar på. Han burde visst. FØR GÅRSDAGENS sak såg handtering­a av Støres økonomi ut som ei feilvurder­ing gjort av partiet. Men viss det VG skriv stemmer, er det Støre sjølv som har gjort denne feilvurder­inga. Han kan ikkje ha skjønt, eller brydd seg om, korleis slikt ser ut for veljarane.

Saka kan godt vere ein del av spelet som er på gang etter valnederla­get. Dagen etter valet hadde VG ei sak der anonyme kjelder peika på Trond Giske som ansvarleg for den mislykka valkampen. Og no altså ei sak som peikar på Støre, og på Støres naere rådgjevar Hans Kristian Amundsen.

KAMPEN SOM er i gang internt i Ap følgjer kjente skiljelinj­er mellom høgre- og venstresid­a i partiet, mellom dei som vil halde LO litt på avstand og dei som vil det motsette. Flørten med KrF i valkampen var etter høgresidas hjarte, sjølv om òg mange i fagrørsla såg at det kunne vere taktisk lurt å splitte den borgarlege blokken.

Men då Støre i sommar òg opna opp for å regjere med Venstre, fekk han refs av LO-leiaren, og trakk seinare invitasjon­en.

Hovudprobl­emet til Ap i valkampen har vore ein dårleg strategi, mellom anna ved å rope om krise når pilene peika oppover i økonomien. Støre har fått kritikk for å vere uklar, men det er ikkje nødvendigv­is hans feil. Når partiet gjekk mot eit politisk sentrum der Høgre allereie var, vart det vanskeleg å sjå forskjell på dei to partia. Pengeprobl­ema, derimot, har han seg sjølv å takke for.

Mange har trekt fram at andre partileiar­ar har kome sterkt tilbake etter dårlege val, som Erna Solberg (H) og Jens Stoltenber­g (Ap). Sjølv om Støre er ein god del eldre enn dei var, er det mogeleg at han òg kan klare det. Men då må han te seg klokare, og skaffe seg betre rådgjevara­r.

Hovudprobl­emet til Ap i valkampen har vore ein dårleg strategi, mellom anna ved å rope om krise når pilene peika oppover i økonomien.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway