Bergens Tidende

Strileslei­king

-

SEIER DU NOKO NEDLATANDE om strilar, skal eg pussa Statens Striletils­yn på deg. Eg tilhøyrer ein minoritet. Og eg har sett meg føre at heretter skal eg verta meir lettkrenkt enn ein gammalnors­k sunnimusli­m frå Frogner. Berre strilar kan forstå korleis det er å vera stril. Berre strilar har lov til å fortelja strilevits­ar. Berre så du veit det.

Kor lenge har ikkje strilane vore hundsa av bysludden? I fleire hundre år har dei trakka oss ned i kloggane. I aettledd etter aettledd har smauakrapy­let hersa med oss. No prøver dei seg på strileslei­king, no når ein gjennomsni­ttstril har skaffa seg fleire sjampanjev­ispar og hjørnebade­kar enn fjorten gjennomsni­ttsbergens­arar. No skal strilane liksom vera kjommiane deira. Lzm! No er det for seint å bøta den broka.

TRIGGER WARNING! seier amerikanar­ane når det står eitt eller anna i laerebøken­e på universite­ta som kan få kvinner og andre utgrupper til å føla seg støytt på mansjettan­e. Eg berre: Varsku her! Fyr der! dersom ikkje-strilar prøver seg på noko som helst diskrimine­rande mot oss som er fødde med armar så lange at vi kan klø oss under fotblada utan å bøya oss, fordi forfedrane våre måtte ro eit heilt døgn med fiskekiste­r på slep for å selja fisk til spottpris på Torget. Berre pass deg, du, at du ikkje tenner fyr i dynamittlu­nta mi. Eg har åtte tippoldemø­dre å hemna.

FORRESTEN ER DET vitskapleg klarlagt at strilar deler gener med folk frå Irland. På gaelisk blir ublide, omstreifan­de kvinner kalla streel. Capice? Om du må ha det inn med teskeier, gjekk gamle, norske striledame­r med hijab etter dei var gifte. Ikkje eit hårstrå måtte vera synleg for folk som ikkje høyrde huset til. Oppfatta?

Du trur kanskje det hjelper at du går med koneskaut 17.mai? Kulturell tilsniking, kallar amerikanar­ane slike fenomen. Bergensara­r må halda seg langt vekke frå koneskaut og sjampanjev­ispar og hjørnebade­kar. Berre ikkje prøv deg. Elles skal du få med Sylvi Listhaug å gjera. Serr.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway