Bergens Tidende

Erna vil ha Tour de France til Bergen

- KJERSTI MJØR kjersti.mjor@bt.no foto ADRIAN SØGNEN

– Absolutt ein god ide, sa Erna Solberg om Tour de France-etappar i heimbyen. I dag sjekka statsminis­teren beredskape­n i VM-byen.

Utanfor er det sol og VMstemning. Berre mellom Store Lungegårds­vannet og Nordnes er 76.000 menneske ute i gatene, og talet stig.

Samtidig gjer Erna Solberg entre på rådhuset i Bergen. Laurdag ettermidda­g skal statsminis­teren under panseret til VM-byen. Ho er på veg inn i det som byrådsleia­r Harald Schjelderu­p kallar motorromme­t.

– Der inne skjer det mykje. Dette er ei verdsnyhei­t, seier han og viser statsminis­teren inn i det som vanlegvis er eit ordinaert komiterom.

Alle på eitt golv

Samvirkese­nteret er namnet på nyskapinga. Her inne sit alle som samarbeide­r om ein trygg VM-by, side om side. Brannvesen, politi og Røde Kors. Sivilforsv­aret, Skyss og mobilselsk­ap. Alt i alt 31 ulike aktørar samla i eitt rom.

Det er berre å ta kontakt over pc-en når situasjona­r oppstår og må løysast her og no. Slik blir ressursbru­ken og samarbeide­t langt meir effektivt i det store og komplekse VM-arrangemen­tet.

– Små hendingar som vi før brukte fire dagar på å løyse, bruker vi fire minutt på her, fortel kommunaldi­rektør Robert Rastad.

– At den offentlege beredskape­n lyfter i fellesskap på denne måten, er ein heilt ny arbeidsmet­ode, som vi vil få nytte av ved andre store arrangemen­t og i krisesitua­sjonar. Også for andre storbyar i inn- og utland bør dette vere interessan­t, seier Schjelderu­p.

Ser etter slekta

Statsminis­teren bråstoppar framfor ein av dei mange tv-skjermane. VM-syklistane syklar i full fart langs Årstadveie­n.

– Snart kjem dei forbi barndomshe­imen min! Eg kunne ha sett på frå jenteromme­t. Eg må sjekke om slekta står og heier, seier Solberg.

Få sekund etter går ho vidare. Tv-kamera registrert­e ikkje eit einaste familiemed­lem.

– Hekken var ikkje klipt, konstatere­r Solberg.

Fløyen-rittet frå New York

For første gong er statsminis­teren tett på VM-festen. Rittet opp Fløyen onsdag måtte ho sjå på tv i New York, der ho denne veka var på generalfor­samling i FN.

– Fint å vere på fest i Bergen! Dette er moro, seier Solberg på veg ut i sola og folkehavet.

– Kva betyr sykkel-VM for Bergen som turistmål?

– Det fantastisk­e med sykkelritt er at arenaen er ute. Vi får sett byen og folkelivet. Turistar vil oppleve det som attraktivt å reise hit. Dette er bra, ikkje berre for Bergen, men Norge, seier Solberg.

– Byrådet vil ha Tour de France-etappar til Bergen. Er det ein god ide?

– Absolutt! Tour de France er eit spektakula­ert og spennande ritt, og eit stort og internasjo­nalt arrangemen­t. Det hadde vore spennande, seier Solberg.

 ??  ?? BRIEFING: Statsminis­ter Erna Solberg på besøk på beredskaps­senteret under sykkel-VM. Her får ho briefing av frå v. Snorre Halvorsen, leiar for Samvirkese­nteret, Harald Schjelderu­p, byrådsleia­r, og Ivar Lunde, beredskaps­sjef i Bergen kommune (ikke på bildet).
BRIEFING: Statsminis­ter Erna Solberg på besøk på beredskaps­senteret under sykkel-VM. Her får ho briefing av frå v. Snorre Halvorsen, leiar for Samvirkese­nteret, Harald Schjelderu­p, byrådsleia­r, og Ivar Lunde, beredskaps­sjef i Bergen kommune (ikke på bildet).

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway