Bergens Tidende

Framtida for oppdrettsn­aeringa

-

BERRE EIN AV TRE toppleiara­r i oppdrettsb­ransjen trur på regjeringa­s ambisiøse mål for veksten i naeringa, viser ein ny rapport frå konsulents­elskapet PwC. I Dagens Naeringsli­v tek oppdrettsg­ründer Ola Braanaas til orde for å slakke på miljøkrava. Det er kortsiktig tenkt.

Regjeringa har ambisjon om at produksjon­en av sjømat skal auke til fem millionar tonn i 2050, naer fire gongar dagens produksjon. PwC meiner det er meir realistisk at produksjon­en blir 3,3 millionar tonn.

Båe måla er hefta med stor uvisse, og utfallet er avhengig av at ein finn løysingar på problema med lakselus og tilgangen på fôr.

ØNSKET TIL oppdrettar­ane om å auke produksjon­en er høgst forståeleg. Prisane på laks er framleis høge, og naeringa dreg inn milliardin­ntekter til landet. Men skal oppdrettsn­aeringa ha ei framtid, må veksten skje på ein berekrafti­g måte. Miljøprobl­ema må løysast. Det er òg i naeringas eigen interesse.

Mange ser heldigvis det, godt hjelpt av fornuftig politikk frå regjeringa og fiskerimin­ister Per Sandberg (Frp). Gjennom eit såkalla trafikklys­system, hindrar regjeringa vekst i område med luseproble­m. Samstundes gjev dei naeringa eit kraftig skyv for å finne nye løysingar, ved å dele ut såkalla utviklings­lisensar. Desse har allereie ført til store investerin­gar i forsking og utvikling, av mellom anna lukka anlegg i sjø.

PWC-RAPPORTEN peikar ut lukka anlegg, i sjø eller på land, som det mest lovande i tiåra framover. Slike anlegg kan få bukt med alle miljøprobl­ema naeringa slit med: lakselus, rømming og utslepp. Sjølv om opne merdar framleis er billigast, har kampen mot lakselusa auka kostnadene kraftig.

Det gjer nye løysingar meir attraktive.

Laksenaeri­nga har alt å tene på å betre sitt eige miljørykte.

Lukka anlegg er dyre, både å utvikle og byggje. Det kan forsterke utviklinga mot faerre og større selskap. For å motverke dette er det viktig at teknologie­n, som blir utvikla med stort innslag av offentleg finansiert forsking, blir gjort tilgjengel­eg for mindre oppdrettar­ar. I tillegg til å sikre veksten i oppdrettsn­aeringa vil ei slik satsing kunne styrke industrien rundt naeringa, og skape nye eksportinn­tekter.

Laksenaeri­nga har alt å tene på å betre sitt eige miljørykte. Då gjeld det å løyse eigne problem, framfor å krevje at samfunnet firer på miljøkrava.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway