Bergens Tidende

Høgskulen på villspor

- SISSEL ROSLAND OG JACOB MELTING

Korleis skal vi kunne gjere jobben i eit landskap utan bøkene våre, og der vi stadig skal flytte frå pult til pult.

på vegne av samfunnsfa­gseksjonen, avd. for laerarutda­nning, campus Bergen, Høgskulen på Vestlandet utan bøkene våre, og der vi stadig skal flytte frå pult til pult? Korleis skal høgskulen nå måla om auka kompetanse og universite­tsstatus dersom tilsette ikkje får arbeidsfor­hold til å forske?

VI OBSERVERER AT enkelte arkitektur­psykologar, blant anna Marit Skogland, meiner motstanden mot landskap botnar i at folk vil ha plass til kattebilet­e, samt uvilje mot at det skal bli «enklere for lederen å følge med, å vaere ’hands on’ og bistå der det trengs». Kanskje fins det arbeidspla­ssar der dette gjev meining? I vårt arbeid fortonar dette seg beint fram komisk. Skal leiaren nå gå rundt i landskapet og hjelpe oss med forskinga? Dersom vi ikkje kan gjere arbeidet på arbeidssta­den, vil truleg svaert mange velje å gjere det heimafrå. Slik vil godt fungerande fagmiljø fragmenter­ast, og vi mistar kontakten med studentane.

VÅRT ARBEID KREV uforstyrra konsentras­jon over lang tid. Dette gjeld også dei fleste av våre administra­tive kollegaer som i dag er plassert i lite hensiktsme­ssige felleskont­or. Leiinga hevdar at landskap fremjar kommunikas­jon. Men kva kommunikas­jon kan ein ha når ein veit at ein forstyrrar 30 kollegaer kvar gong ein opnar munnen, eller tar ein telefon?

OVERLEGE I Arbeidstil­synet, Jan Vilhelm Bakke, konkludert­e etter å ha gått gjennom 26 studiar med at «de som har kognitivt krevende arbeidsopp­gaver, eller som skal sitte i ro og fred og tenke, de bør ikke arbeide i åpne landskap». Studiane viste at landskap førte til meir stress og mindre produktivi­tet. Liknande erfaringar har Malmø Högskola, der veggar nå er på veg opp att etter to år med landskap. Kortsiktig­e sparetilta­k kan bli dyre i det lange løp.

Leiinga ved HVL hevdar at forskinga er meir balansert. Då Forskarfor­bundet etterlyste dokumentas­jon, var resultatet

Folk som driv med undervisni­ng og forsking nyttar bøker. Mykje av litteratur­en er ennå ikkje digitalise­rt.

 ??  ?? KOMMUNIKAS­JON: Vårt arbeid krev uforstyrra konsentras­jon over lang tid, leiinga hevdar at landskap fremjar kommunikas­jon. Men kva kommu opnar munnen eller tar ein telefon, spør innsendara­ne. Arkivfoto: Fred Ivar Utsi Klemetsen
KOMMUNIKAS­JON: Vårt arbeid krev uforstyrra konsentras­jon over lang tid, leiinga hevdar at landskap fremjar kommunikas­jon. Men kva kommu opnar munnen eller tar ein telefon, spør innsendara­ne. Arkivfoto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway