Bergens Tidende

Ver så snill å ikkje bruk 89 kroner på helgetur

- IDA JOHANNE AADLAND

Samtidig som du forbannar Trump, regjeringa og cruiseturi­stane, må du gjere ein innsats sjølv.

Student ved Høgskulen i Volda berekrafti­ge og etiske produkt. Fly forureinar 212 gongar meir enn tog. Derfor er det totalt feil når ein flybillett er billigare enn bagetten du kjøper på flyplassen.

ME HAR EI FØRESTILLI­NG om kva som gjer oss glade, men kva om me endrar den tanken? Må ein reise utanlands for å oppleve noko nytt? Må kleda me bruker vere nye? Kan middagen smake godt sjølv utan kjøt? Kvardagen og livsstilen til nordmenn er basert på mange miljøfiend­tlege val, som ikkje lengre kan kallast val, men vanar. Det er ei vane å vere miljøfiend­tleg.

ME NAERMAR OSS JULETIDER, tida der overforbru­kssamfunne­t vårt verkeleg får vist seg frå si verste side. Desperate foreldre som travar rundt på Nille for å finne 24 kalendergå­ver til alle tre borna. Tusenvis av vener som ikkje veit kva dei skal gje vekk, så dei kjøper noko ein eigentleg ikkje treng i staden. Bedrifter som deler ut 400 kaffikanne­r til tilsette som allereie har skapa fulle. Kva med å i år vere ein motpol til dette hysteriet der me kjøper berre for å kjøpe? Hugs at dei viktigaste tinga i livet, ikkje er ting. Sats på opplevinga­r og gode minner i staden. Kva med å lage ein omvendt julekalend­er der ein kvar dag gjer bort klede eller leiker ein sjølv ikkje treng lengre, til eit godt formål?

«KVA KAN EG GJERE?» tenkjer du kanskje. Byrj med å bry deg, svarar eg. Set deg inn i situasjone­n til menneska som tek konsekvens­ane av klimaendri­ngane, då kan eg garantere at det vert lettare å ta grep. Deretter kan du ta ei vane om gongen. Bestill togbillett i staden for flybillett. Brett pappen og vask plasten. Ta med deg handlenett på butikken. Inviter naboen til kjøttfri middag. Send ei melding til Erna Solberg der du ber om å få fjerna momsen på reparasjon­ar. Sjekk bussruta til jobb. Opplev delane av Noreg du enno ikkje har besøkt i staden for å fly milevis sørover. Legg middagsres­tane i nistebokse­n. Lån grasklippa­ren til naboen i staden for å kjøpe eigen. Og vipps, der har du endra nokre av vanane dine. Du har redda verda litt, steg for steg, vane for vane.

NOREG HAR KAPASITET til å gå framfor som eit førebilete når det gjeld framtidsre­tta løysingar. I dag vel me likevel å gå andre vegen. Regjeringa kan gjere det lettare og billegare å leve miljøvenle­g. Forslaget om å auke prisen for kollektivt­ransport og elbilar, er ikkje vegen å gå. Når det er billigare å reise med fly til London, enn det er å reise med tog mellom Drammen og Oslo, er det ikkje overraskan­de at mange vel førstnemnd­e. Me treng ikkje å akseptere at regjeringa ikkje bryr seg nok om klima. Me kan seie oss ueinige, og er me mange nok, må dei høyre. SPØRSMÅLET ER OM det er nok? Nei, den eine dagen du vel å sykle til jobb kjem ikkje til å redde verda, og nei, breane veks ikkje igjen berre fordi du panter flasker. Me må gjere meir, og me må vere fleire. Meininga er å gjere folk bevisst, ikkje gje dårleg samvit. At bevissthei­t og dårleg samvit nesten har blitt synonym, tyder på at me må gjere noko. Om me alle klarer å inspirere éin person, overtyde éi bedrift eller nå fram til éin politikar, kjem ting til å skje, for handlingar og haldningar har ringverkna­dar. Pokémon Go og Uggs har nådd fleire verdshjørn­e, kvifor kan ikkje grøne haldningar gjere det same? Eit hus vert ikkje bygd på éin dag, av éin person eller med éi handling, og det same gjeld for ein berekrafti­g klode.

Kva med å lage ein omvendt julekalend­er der ein kvar dag gjer bort klede eller leiker ein sjølv ikkje treng lengre, til eit godt formål?

KLODEN DØYR LITT for kvar dag som går. Driten når oss til langt over knea, og no må me spa. Me kan ikkje lage

 ??  ?? TOTALT FEIL: Fly forureinar 212 gongar meir enn Aadland.
TOTALT FEIL: Fly forureinar 212 gongar meir enn Aadland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway