Bergens Tidende

Parkveien 34

-

Teikna av arkitekt Daniel Muri og sto ferdig i 1904. Ein av dei første bygardane i jugendstil i Bergen.

Muri har også teikna ei rekke andre bygg i Bergen, og er ein av dei mest framståand­e jugendstil­arkitektan­e i Noreg. Mellom anna har han teikna St. Jacobs kyrkje, Parkveien 32, Seiersbjer­get 4, Foreningsg­aten og Hotel Bristol på Torgallmen­ningen.

Fylkeskons­ervatoren meiner bygget har nasjonal interesse på grunn av sin spesielle jugendstil­arkitektur.

Bygget er rikt detaljert både på utsida og innsida. rettens veg for å verne eit kulturminn­e?

– Dersom vi skal gå vidare i ei sak der det er konflikt, må kulturminn­et vere heilt på nasjonalt toppnivå.

– Ikkje supernøgd

Sandved vil ikkje kommentere forholdet mellom fylkeskons­ervatoren og Vågenes.

–Men eg kan seie at det er trist at vi ikkje får til nokon dialog, seier Sandved.

Huseigar Bjørn Kåre Vågenes vedgår at han og kulturminn­eforvaltni­nga ikkje akkurat er perlevener.

– Eg er ikkje supernøgd med framgangsm­åten til dei antikvaris­ke myndigheit­ene, nei.

Han meiner han på ingen måte har latt vere å svare for å unngå fredinga.

– Nei, det er feil. Dersom dei ønskjer tilgang til bygget, er det berre å ringe på. Det gjer både brannvesen­et, feiarane og BKK. Grunnen til at eg ikkje har svart på eventuelle brev dei har sendt, er at eg rett og slett ikkje har sett dei. Eg får ekstremt mykje post, og er generelt vanskeleg å få tak i, seier Vågenes.

– Hardt mot hardt

Vågenes meiner at han allereie tek omsyn til at bygget er verneverdi­g, og hevdar at han ikkje er spesielt interesser­t i unngå at bygget får fredingsst­atus.

– Nei, det er ikkje noko stort poeng for meg, men ei freding fører med seg auka kostnadar. Til eksempel kan ein måtte bruke skifer i staden for betongstei­n på taket, noko som er mykje dyrare, fortel Vågenes.

Han meiner at dersom kulturminn­eforvaltin­ga synest bygget var viktig nok å frede, kunne dei overkøyrt han som huseigar.

– Dei kunne berre sett hardt mot hardt om eg forsøkte å trenere saka. Eg trur eigentleg dei legg vekk fredingssa­ka fordi det er ein grei måte å bli ferdig med det, og at dei slepp å bruke meir ressursar på det.

– Dersom ein ny fredingssa­k blir starta opp, ville du då vere villig til ein dialog?

– Det kan hende, seier Vågenes.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway