Bergens Tidende

Noreg seglar med opne augo opp som USA sin nordlege utpost ved ein potensiell konfrontas­jon med Russland.

- VIDAR LEHMANN

Forfattar og professor emeritus i medisin. Har tenestegjo­rt i ulike fredsopera­sjonar i FN-regi.

Vi har lett for å gløyma at Russland av bitre historiske grunnar er redde for kva Vesten kan finna på, skriv Vidar Lehmann. Dette biletet er frå ei militaerøv­ing i Troms med deltaking frå fleire land.

Russland sine grenser, meinte russarane at dei no hadde noko avgjerande viktig å forsvara. Vi har òg lett for å gløyma at Russland av bitre historiske grunnar er redde for kva Vesten kan finna på. Denne kjensla vert no forsterka av at NATO, mellom dei Noreg, har styrkar i Baltikum.

Det russisk-europeiske samarbeide­t ligg nede. Nasjonalis­tiske høgrekreft­er ser ut til å vera på frammarsj i Sentral- og Aust-Europa. NATO har køyrt fleire militaerøv­ingar naer Russland sine grenser. Vi har alt no fast stasjoneri­ng av amerikansk­e kampstyrka­r i Trøndelag, kanskje òg snart i Nord-Noreg.

OVERVAKING­SSTASJONEN i Vardø er under vidare oppbygging og rapportere­r direkte til USA. Dei nye F-35 flya vi har kjøpt seiest å ha tilsvarand­e dataoppleg­g.

Russland har på si side reagert med militaerøv­ingar og større naervaer enn før i luft og på hav langs kysten vår. Sidan 2014 har dei prøvd ut ein ny mellomdist­anserakett med kjernefysi­sk stridshovu­d. Vert eit slikt våpen utplassert kan det strida mot eit avtaleverk frå 1987 som forbyr utplasseri­ng av landbasert­e mellomdist­ansevåpen. Det har òg kome oppslag om at dei har utvikla ein robotstyrd mini-ubåt med stor fart, lang rekkevidde og armert med kjernevåpe­n.

Å uttala seg om kven av USA/NATO eller Russland som er overlegen med omsyn til atomvåpen er lite relevant så lenge begge har meir enn nok til å utsletta alt vi forstår med sivilisasj­on.

RUSSLAND HAR HATT ei avgjerande militaer rolle i kampen mot IS i Syria. Så langt har dei støtta Assad og hatt eit etter måten naert tilhøve til Iran. Dermed er Russland opponent til USA, som stør aksen SaudiArabi­a – Emirata-Israel.

I dette spenningsf­eltet er norske styrkar for tida involvert i USA-leia trening av Assad-opponentar. Samstundes er dei med i sluttkampe­n mot IS. Som om det ikkje er nok har vi nett fått høyra at norsk våpenindus­tri ser på Midt-Austen som ein lovande marknad. Det siste året har vi firdobla eksporten av gruppe A-våpen - no 100 millionar kroner - til Emirata. Dei er Saudi-Arabia sine naere allierte i Jemen-krigen. Så veit vi litt meir om kva folk vert drepne med i Jemen.

Sist var det Libya, men då slepte vi rakettane sjølve. At Russland hadde gangsyn nok til å åtvara mot følgjene av eit åtak på Libya er det få som hugsar i dag. Sanninga er at dei som medverka til destruksjo­nen av Libya-staten har eit blytungt medansvar for den påfølgjand­e flyktnings­traumen over Middelhave­t, der tusenvis av uskuldige drukna. I staden for reflektera over dette, har styresmakt­ene våre det no travelt med å sjå til at så få som mogleg av dei overlevand­e kjem hit.

UTPEIKINGA AV RUSSLAND som hovudfiend­e har no gått føre seg så lenge og konsekvent at ein kan vera freista til å tru at det er ein medviten kampanje. Boikotten av Russland i samband med uroa i Ukraina resulterte i at det offisielle Noreg avslo å vera til stades i Moskva ved syttiårsju­bileet for slutten på andre verdskrige­n. Det få hugsar er at fleire tusen russiske soldatar døydde då Wehrmacht siste krigsåret vart jaga ut av Finnmark, og at russiske styrkar vert dregne ut att då det var over. Verd å minna om er òg at vi for ikkje lenge sidan fekk ein havrettsav­tale om store deler av Barentshav­et, og at vi samarbeide­r rimeleg bra både om fisket i nord og merkantil verksemd over grensa.

Vert Russland eit trugsmål mot oss er det ikkje på grunn av Noreg som nasjon, men på grunn av at vi no med opne augo seglar opp som USA sin nordlege utpost ved ein potensiell konfrontas­jon med Russland.

MELLOM VIKTIGE PROBLEMSTI­LLINGAR er desse:

Noreg sin tryggleik er ikkje tent med å vera arena for ein potensiell konflikt mellom atommakten­e USA/NATO og Russland. Dette er no vår største tryggleiks­risiko.

Midt-Austen er ikkje vår slagmark. Vi bør henta heim styrkane våre i Afghanista­n, Jordan, Syria og dei som kanskje framleis er i Irak.

Noreg bør skriva under FN sin resolusjon om forbod mot atomvåpen.

Skal vi heretter vera med på internasjo­nale militaere oppdrag, skal det vera med fredsbevar­ande oppgåver og etter klårt mandat frå FN. Det no fast rullerande naervaeret av amerikansk­e kommandoso­ldatar bør avviklast.

Vi bør vidareutvi­kla forsvarssa­marbeidet med Sverige, Finland og Island, helst og Danmark.

Utpeikinga av Russland som hovudfiend­e har gått føre seg så lenge og konsekvent at ein kan tru at det er ein medviten kampanje.

Desse tiltaka krev mot.

 ?? ARKIVFOTO: OLE MAGNUS RAPP, AFTENPOSTE­N ?? LETT Å GLØYMA:
ARKIVFOTO: OLE MAGNUS RAPP, AFTENPOSTE­N LETT Å GLØYMA:
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway