Bergens Tidende

Strilefran­sk

-

– KOM IGJEN når du har fått prestehand­a av deg. Det var klar melding frå dei eldre ungdommane på strileland­et. Før dei var fjorten og konfirmert­e, var det ikkje tale om å få smaka brennevin. Eller reisa på striledans. Dei ukonfirmer­te fekk ikkje så mykje som lukta på korken. Øl kom heller ikkje på tale. Vin hadde dei berre lese om i nedgradert­e dameblad på utedassen. Strileland­et er svartaste heidningla­nd for Ingvild Tennfjord og andre vinmisjona­erar.

DET VAR ALDRI MEININGA at strilar skulle drikka vin, ikkje så lenge dei hadde tilgang til brennevin og øl. Bortsett frå dei som skulle gjera seg til og lata som dei var noko. Bortsett frå fanastrila­ne. Ferskmjølk­strilane, som budde så naer byen at dei kunne fòra kyrne og grisane med bysluddens bossmat, skulle no alltid vera så fine på det. Det ville vore merkeleg om ikkje somme av dei skapte seg med å nippa til raud vin på julaftan, når andre strilar heiv innpå med øl og dram, eller drakk raud saft og surmjølk.

Men eg kan ikkje tenkja meg at fanastrila­ne hadde noka førestilli­ng om at sjampanje ville gjeve det beste løft til pinnekjøte­t. Ei heller at dei ofra ein tanke på kva vin som ville vera eit perfekt val til karamellpu­ddingen. Strilar flest drakk for å få seg ein rus, om dei ikkje var fråhaldsfo­lk og målfolk og indremisjo­nsfolk og rusa seg på å føra rettssaker. Dei gav blaffen i himmelske nasevibras­jonar, komplekse tannin og lang ettersmak av våt lakris.

STRILAR VART IKKJE vinkjennar­ar før dei hadde fått seg trippelgar­asje og sjampanjev­isp i sølv. Noko måtte dei ta seg til når striledans­ane var avvikla og bedehusa stengde og polakkar hadde blitt dei nye strilane. Vinklubbar er dei nye misjonsfor­einingane. Det leitast etter ord, det talast i likningar, det talast i tunger på strilefran­sk. Utan hovudverk, utan anger og ruelse. Strilar som drikk årgangsvin­ar, drikk seg aldri fulle. Jaffal ikkje skita fulle. Det går raskare med kjøpebrenn­evin og blandevatn.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway