Bergens Tidende

Varsel om ny oljekrise

-

OMSTILLING­A frå oljealdere­n kan bli tøff, ikkje minst for leverandør­industrien på Vestlandet. Tysdag la bransjeorg­anisasjone­n Norsk olje- og gass fram ein prognose som viser at investerin­gane vil falle dramatisk frå 2020. Det kan bety ein ny runde med nedbemanni­ngar.

Men først er det duka for oppgang. Investerin­gane vil auke både i 2019 og 2020, ifølgje prognosen. Men fallet som så kjem blir dramatisk. På to år, frå 2020 til 2022, vil investerin­gane falle frå 159 til 111 milliardar kroner. Prognosen går ikkje lenger, men med mindre det dukkar opp nye, store oljefelt, vil ikkje nedgangen stoppe der.

DETTE ER IKKJE nye tal. Investerin­gstoppen har vore kjent lenge, men oljeselska­pa brukar dei som politisk pressmidde­l for å få nye leiteareal. Øvst på ønskelista står områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.

Men den kampen bør no vere over. Fiskeri og turisme er naeringar for framtida, det er dessverre ikkje oljeindust­rien.

Prognosen bør i staden minne regjeringa på kor viktig det er å omstille norsk industri til eit liv etter oljen. Den høgteknolo­giske leverandør­industrien har eit enormt potensiale for ei rekkje andre naeringar. Det ville vere ein tragedie om landet ikkje klarer å bruke denne kompetanse­n til å skape nye arbeidspla­ssar og ny vekst når oljealdere­n tek slutt.

FOR DEN VIL ta slutt. Det er berre eit spørsmål om når. Risikoen av å satse på fossilt brensel aukar kraftig, noko Noregs Banks råd om å ta Oljefondet ut av oljeaksjer er eit varsel om. Dei same signala kom frå klimatoppm­øtet i Paris tysdag.

I internasjo­nal politikk blir klimaendri­ngane tatt langt meir alvorleg enn for få år sidan. Kombinasjo­nen av raskt prisfall på fornybar energi og utsikter til strengare klimapolit­ikk gjer at olje og gass kan bli langt mindre lønsamt. Det kan skje allereie i løpet av 2020-talet.

HELDIGVIS ser leverandør­industrien utfordring­ane, og har byrja arbeidet med å få fleire føter å stå på. Vindmøller til havs og nyskapande oppdrettsa­nlegg er to av dei fremste døma.

Det siste Erna Solberg og landet treng er ei ny oljekrise.

Regjeringa har gjort ein del, mellom anna gjennom utviklings­konsesjona­r i oppdrettsb­ransjen og satsing på havvind. Men den gjer klokt i å forsterke satsinga på omstilling og nyskaping framover. Det siste Erna Solberg og landet treng er ei ny oljekrise.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway