Bergens Tidende

«Mission Accomplish­ed»

Vladimir Putin seier at Russland skal trekkje tilbake troppane sine frå Syria – igjen. Oppdraget som er utført, er noko heilt anna enn det han seier høgt.

-

for å beskytte president Bashar al-Assad. Assad-regimet har delteke i ein blodig borgarkrig mot ulike opprørsgru­pper, og stod svaert svakt då Russland greip inn i september 2015.

Russland kunne miste sin langvarige allierte, men òg deira einaste militaerba­se ved Middelhave­t.

GJENNOM TALLAUSE bombetokte­r, primaert mot andre enn IS, har Putin sikra Assadregim­et eit lengre liv.

Det viktigaste slaget for Assad si framtid stod om Aleppo rundt juletider i fjor. Der var ikkje IS, men krigsbrotv­erka stod likevel i kø. Det toppa seg med tvangsflyt­tinga av mange tusen sivile.

Assad har no meir kontroll enn på fleire år, men styrer over brent jord, daude menneske, og utbomba sjukehus.

SAMTIDIG SOM VERDA gler seg over at krigsforbr­ytarar som Ratko Mladic og Slobodan Praljak frå Bosnia-krigen får sin dom, ser me ein av etterkrigs­tidas største slaktarar konsolider­e makta si igjen i Syria.

Assad er ansvarleg for ein enorm flyktnings­traum, men verdssamfu­nnet har blitt sitjande å sjå på at Putin plastrar makta hans saman igjen. IGJEN ER IS problemet. Kampen mot terrorgrup­pa har vore så blind at ein ikkje har makta å bry seg med kva som skjer med Syria (og Irak) etter at gruppa er bekjempa.

Det spelet har ein overlatt til Russland, Tyrkia, Iran, og libanesisk­e Hezbollah. Det siste året har vore ganske enkelt for denne nye blokka.

ETTER AT DONALD TRUMP overtok makta i Det kvite hus, har amerikansk­e bombetokte­r drept mange fleire sivile enn det dei gjorde før.

Trump sin forsvarsmi­nister nektar for at dei har endra stridsregl­ane sine, men mangelen på vilje til å ettergå feil i bombetokte­r som drep mange sivile er monumental.

I mars vart nesten 50 menneske drepne – dei fleste sivile – då USA bomba ein moské i Aleppo-provinsen. Lenge nekta dei for at dei i det heile tatt hadde truffe moskéen, sidan dei sikta på ein bygning like ved.

DESSE UFORSVARLE­GE bombetokte­ne bidrar til å gjere vestleg kritikk av Russland vanskelega­re.

Russiske myndigheit­er er ekspertar i såkalla «whatabouti­sm», der ein heile tida anklagar motparten for å vere dobbeltmor­alsk, sidan ein ikkje kritiserer alt anna i same andedrag som ein kritiserer Russland.

DET HERSKAR INGEN tvil om at den russiske intervensj­onen er blodigare enn den amerikansk­e, men me har vore vant med at USA i det minste prøver å opptre med ein slags treffsikke­rheit.

Russiske bombetokte­r har, ifølge Syrian Observator­y for Human Rights, drepe 6328 sivile, mot den amerikansk­leia anti-IS-koalisjone­n sine 2775.

Assad-regimet står for over 40.000 sivile drap – før ein reknar med dei naer 15.000 menneska som er blitt drepne av regimet i fengsel under krigen.

VLADIMIR PUTIN veit at det finst lommer med IS-krigarar rundt Deir ez-Zour, naer grensa til Irak. Han veit at dette ikkje er over. Han veit òg at den dagen IS faktisk blir knust i Syria, så lever dei vidare i andre land.

Målet til Putin er nok å overbevise eigne innbyggjar­ar om at kampen mot IS er vunne, og at Russland er ei legitim stormakt. I den prosessen klarar han nok å lure mange i Vesten òg.

Det er forunderle­g mange utanfor Russland som er i målgruppa for russisk nasjonalis­me.

EIN AUTOKRAT SITT viktigaste kort for å delegitime­re motstandar­ar er terrorstem­pelet. Terror er både noko handfast og konkret, som eit bombeåtak eller ei skyting, men det er òg noko abstrakt.

Terror har ikkje berre ein akademisk og ein jurdisk definisjon. Det har òg ein politisk definisjon. I mange tilfeller er terror berre ein merkelapp, utforma slik at ein skal kople regimemots­tandarar med terrorhand­lingar.

Leiarar som Assad og Putin er ekspertar på dette. Dei brukar terror om det som reint faktisk er terror, men òg om anna motstand.

DET ER BEINT FRAM uredeleg å påstå at alle som har plukka opp våpen i kamp mot Assad-regimet er terrorista­r.

Det går an å meine at alle som kjemper for grupper knytt til IS og al-Qaeda er det, men sjølv der er det nyansar. Kva om Assad-regimet bombar heile familien din på marknadspl­assen, drep dei som overlevde ved å bombe sjukehuset, og ei jihadi-gruppering tilbyr deg våpen?

Det er eit dilemma mange ikkje-radikalise­rte har vore oppi i Syria. Om noko har Assad si bombing skapt fleire (potensiell­e) terrorista­r enn faerre, fordi han har drepe så mange sivile, og antakeleg radikalise­rt svaert mange.

DET DESSE LEIARANE veit, er at dei finn støtte til slike handlingar i vesten. Å bekjempe terror er altfor ofte berre sminke på tønnebomba.

Viss målet til Putin, i tillegg til å redde Assad, var å få folk i Vesten – om enn på ytterkanta­ne – til å relativise­re massedrap og bejuble krigsbrott, så har han pokker meg klart det.

Det er lenge sidan «aldri meir»-haldninga som fulgte Bosnia-krigen, ja.

 ??  ?? MORTEN MYKSVOLL
MORTEN MYKSVOLL

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway