Bergens Tidende

Ny død kval fekk magen granska

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no ANNE JO LEXANDER foto MARITA AAREKOL

Ein ny stranda, død kval ved Ågotnes vart fredag spretta opp. Denne gong var magen fri for plast.

Fredag tok miljøaktiv­ist Rune Gaasø seg fram til Vindeneset, ikkje langt frå Ågotnes, der ein kval ligg i fjørestein­ane. Ifølgje lokalkjent­e skal dyret ha lege der ei god stund, og forråtning­sprosessen har kome ganske langt.

Same stad som i vinter

I februar måtte ein sjuk kval avlivast ikkje langt unna. I magesekken hans fann forskarane 30 plastposar, store plastflak og mange små plastbitar.

Gaasø trudde først det denne gong var ein beluga-kval, men etter naerare gransking kom ekspertane til at det truleg er snakk om ein grindkval.

Forskar Marte Haave frå Uni Research var også på plass ved kvalen. I 14-tida tok dei hol på dyret, for å sleppe ut gassar i kadaveret. Dei venta på marinbiolo­gar frå Universite­tet i Bergen, som skal undersøkje dyret naerare.

– Eg fekk telefon frå kommunen kl. 10.30 i dag, seier Kenneth Bruvik, ein annan av miljøaktiv­istane. Spørsmålet frå kommunen var om Bruvik ville sjekke det døde dyret, eller om dei skulle taue kadaveret til havs og senke det.

Bruvik seier til BT at kvalen var innsurra i plasttau då han vart funnen.

Luktar sterkt

BTs reporter Anne Jo Lexander melder om sterk stank ved kadaveret, som er ca. fire meter langt.

– Det stinkar som av rote kamskjel, seier Lexander.

Marinbiolo­gane Christoph Noever og Nina Mikkelsen kom fredag ettermidda­g til staden for å dissekere dyret. Idet magesekken åpnes må fleire snu seg bort for ikkje å brekke seg.

Undersøkin­gane viste at det ikkje var plast å finne, korkje i tarmen eller magen på kvalen.

– Men magesekken er ikkje heil, så det er ikkje godt å seie noko sikkert, seier Marte Haave.

DNA-prøver er tatt

Marinbiolo­gane tok med seg DNA-prøver, for å undersøkje kva slags populasjon kvalen tilhøyrde.

Aktivist Kenneth Bruvik meiner det er viktig å sjekke magane på døde kval, etter funnet av plastkvale­n i februar.

– Tidlegare vart dei jo berre søkkte, utan at nokon brydde seg, seier Bruvik.

Også denne vart fredag ettermidda­g dratt ut på sjøen, i håp om at han skulle søkkje.

 ??  ??
 ??  ?? UNDERSØKT: Kvalen blei spretta opp og undersøkt. Men det vart ikkje funne plast i magen på denne.
UNDERSØKT: Kvalen blei spretta opp og undersøkt. Men det vart ikkje funne plast i magen på denne.
 ??  ?? STRANDA KVAL: Frå venstre Terje Lislevand, forskar Marte Haave frå Uni Research og miljøaktiv­ist Rune Gaasø.
STRANDA KVAL: Frå venstre Terje Lislevand, forskar Marte Haave frå Uni Research og miljøaktiv­ist Rune Gaasø.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway