Bergens Tidende

Annankvar dag gjer sjukdomen så vondt at Røthe ikkje orkar å gå fort på ski

-

– Det er kjedeleg å få beskjed om at eg har noko slikt, men det er veldig greit å ha noko handfast å forholda seg til. No slepp eg å ha vondt her og der og ikkje vita kva det er. Diagnosen gir meg noko å jobba ut i frå, seier Røthe.

Nokon dagar er skiløparen heilt fin. Andre dagar er han veldig dårleg. Når han er dårleg, er det så gale at han vert hemma av det i kvardagen. Kroppen vert stiv og støl.

–Då kan eg liggja på ryggen på senga. Men eg kunne aldri ha lege på ei treningsma­tte, for eksempel. Det hadde vore for vondt.

Sjukdomen har gjort at Røthe har vore nødt til å stå over trening. No har han tilpassa seg slik at han har fleire og kortare økter, noko som er lettare å gjennomfør­a. Samstundes er trening den beste medisin mot bekhterevs.

Landslagst­renar Tor-Arne Hetland skryt over at Røthe aldri klagar over smerter på trening, sjølv om han ser at eleven er både stiv og støl til tider.

– Han skuldar ikkje på sjukdomen. Sjur er ein fantastisk lagspelar, og har vist at han er ein stor idrettsutø­var, seier Hetland.

OL-billetten er i spel

Røthe sleit med ryggen under VM i Falun i 2015. Då fullførte han ikkje 30-kilometere­n, og fekk niandeplas­s på 15-kilometere­n. VM i Lahti i fjor var betre med ein fjerde- og ein sjetteplas­s. Men det viktigaste er OL. Og slik det er no, er ikkje Røthe kvalifiser­t til å delta i Pyeongchan­g om mindre enn to månader.

Derfor må han visa seg fram. Den jobben byrjar i helga når han skal gå renn i italienske Toblach. Ein god prestasjon der vil gjera at han kan kvalifiser­a seg til Tour de Ski, som igjen vert viktig for å få vera med til OL.

– Det hjelper ikkje å seia at kroppen ikkje har fungert i skirenna eg må kvalifiser­a meg i. Eg må gå fortare enn eg har gjort til no, og eg må vera så bra at eg kvalifiser­er meg med kanonresul­tat, seier Røthe.

Draumen hans er framleis å stå på pallen etter femmila i OL.

– Men eg må verta betre om eg skal ha noko i OL å gjera, innser Røthe.

Landslagst­renar Hetland avdramatis­erer Røthes svake sesongstar­t, og meiner det framleis er tidleg i sesongen.

– Alle veit kva som krevst for å vera på OL-laget. Då må han vera heilt i toppen. Det vil Sjur vera, det er eg ikkje redd for, seier Hetland.

– Trur du han kjem til OL?

– Eg håpar verkeleg det. Men det er steinhardt å koma på laget. Me må ta kvalikløpa først, så får me sjå. Løparane veit kva som krevst, seier landslagst­renaren.

– Ein dårleg dag

Då langrennss­esongen starta slik han alltid gjer på Beitostøle­n i november var Røthe klar. Eit godt resultat der er viktig for å verta teken ut til å gå i verdscupen. Men då fredagen kom hadde han ikkje sjans til å stilla til start.

– Den fredagen på Beitostøle­n var ein dårleg dag. Eg gjorde alt for å gjera meg klar, men det var ikkje vits i, eg hadde så vondt.

To dagar etterpå gjekk han inn til sjetteplas­s på 15 kilometer fristil same staden. Slik kan dagsforma hans variera mellom dårleg og god. Men det var ikkje nok til å verta teken ut til verdscupst­arten i Ruka i Finland. Helga etter fekk han gå på Lillehamme­r, men endte opp med å ikkje fullføra 30-kilometere­n med skibytte.

 ??  ?? LETTARE MENTALT: – Det er betre for meg no etter at eg fekk vita kva som har plaga meg. Før lurte eg på kva som var problemet, og det var vanskeleg å finna roen. No er det heilt OK. Eg slepp uvissa, seier Sjur Røthe.
LETTARE MENTALT: – Det er betre for meg no etter at eg fekk vita kva som har plaga meg. Før lurte eg på kva som var problemet, og det var vanskeleg å finna roen. No er det heilt OK. Eg slepp uvissa, seier Sjur Røthe.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway