Bergens Tidende

Barnehage får refs - fann fleire ulovlege forhold

- GERD MARGRETE TJELDFLÅT gerd.tjeldflat@bt.no CATHRINE KRANE HANSEN EIVIND FONDENES

Det pedagogisk­e arbeidet framstår uryddig, og vikarbruke­n var altfor høg, hevdar Os kommune.

Etter å ha fått fleire bekymrings­meldingar om Borgafjell barnehage i Os, gjennomfør­te kommunen nyleg tilsyn med forholda i barnehagen.

BT har tidlegare omtalt barnehagen, der både foreldre og tilsette var urolege for tilstandan­e.

Den førebelse rapporten frå tilsynet er no klar. Der meiner kommunen å ha avdekt fleire lovbrot:

Barnehagen har ikkje klare rutinar knytt til foreldrerå­d og samarbeids­utval. Informasjo­nsflyten framstår tilfeldig.

Det same gjeld møte med verneombud­et i barnehagen. Interne rutiner for handtering av bekymrings­meldingar er ikkje kjent for alle tilsette. Dei tilsette melder dei i liten grad vert inkludert og involvert i drift av barnehagen.

Kommunen vurderer det som overveiand­e sannsynleg at barnehagen ikkje oppfyller krava til innhold i ei pedagogisk verksemd.

Det pedagogisk­e arbeidet framstår uryddig og tilfeldig. Høgt sjukefråva­er og høg vikarbruk har medført at planlagt pedagogisk arbeid er sett på vent.

Barnehagen har endra vedtektene om ferie for barn utan å ha det på høyring.

Barnehagen har tilsett nok pedagogar, men har likevel ikke god nok bemanning. Sjukefråva­eret og vikarbruke­n er for høgt.

Tilsynet opplever manglande tillit til eigar, tillitsbro­t frå eigar si side, og mistillit frå involverte partar.

Foreldre kjenner seg igjen

– Dette var ikkje overraskan­de, men det var godt å få det bekrefta svart på kvitt, seier mor Camilla Kaland.

Ho har dottera si i barnehagen. Tidlegare gjekk også den yngre sonen hennar her, men han har ho no valgt å flytte.

Også far Henrik Tandstad Tronerud har flytta det yngste barnet sitt ut av barnehagen.

– Sonen min var utrygg der. Dette tilsynet bekreftar det me har visst lenge. Me kjenner igjen dette, saerleg det om bemanninga, seier han.

For mange sjuke

Det er ikkje mangel på pedagogar i utgangspun­ktet, men for høgt sjukefråva­er over lang tid som er kommunens ankepunkt overfor Borgafjell barnehage. Det bekreftar barnehagem­yndighet Irene Ullensvang i Os kommune.

– At folk blir sjuke er heilt normalt, men når høgt sjukefråva­er vedvarer over tid er det rimeleg å forvente at eigaren ryddar opp. Det er vanskeleg å drive ei pedagogisk verksemd med høgt sjukefråva­er over tid, seier ho.

Kombinasjo­nen av avvika kommunen har funne og dei mange bekymrings­meldingane, leier til konklusjon­en om at barnehagen i dag ikkje blir drive forsvarleg som ei pedagogisk verksemd.

– Har igangsett tiltak

– Barnehagen har igangsett ei rekkje tiltak dels uavhengig av, og dels som følgje av forhold som er omtalt i rapporten, skriv advokat Nina G. Sandnes i Kluge advokatfir­ma i ei e-post til Bergens Tidende.

Ho hjelper eigarane av Borgafjell barnehage i saka.

– Planen er at dei avvik som fremgår av rapporten, og som ikkje allereie er lukka, skal vere brakt i orden innan kort tid og sjølvsagt innanfor dei fristar som gjeld, skriv ho vidare.

Sandnes skriv at leiinga har løpande kontakt med foreldregr­uppa, både i form av jamlege møter og brev. Styrar har førebels registrert at to born er tatt ut av barnehagen.

– Alle verksemder har tidvis utfordring­ar, men det meste løyser seg om partane har eit felles ønskje om det, skriv ho.

Ifølgje advokaten har eigarane ei rekkje kommentara­r til rapporten. Desse vil kome fram i svaret dei sender til kommunen.

Barnehagee­igaren har no fått frist til 9. januar for å kome med sine tilbakemel­dingar på tilsynet. Etter dette vil Os kommune konkludere endeleg.

 ?? ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN ?? FLYTTA BORN: Frustrerte foreldre i Borgafjell barnehage møtte BT tidlegare i vinter. No har fleire av dei flytta ungar ut av barnehagen. Frå v.: Camilla Kaland, Iselin Alfheim, Henrik Tandstad Tronerud, Anne Mjåtvedt, Gry Bjørlykke, Maren Søreide, Sølvi Langbakk.
ARKIVFOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN FLYTTA BORN: Frustrerte foreldre i Borgafjell barnehage møtte BT tidlegare i vinter. No har fleire av dei flytta ungar ut av barnehagen. Frå v.: Camilla Kaland, Iselin Alfheim, Henrik Tandstad Tronerud, Anne Mjåtvedt, Gry Bjørlykke, Maren Søreide, Sølvi Langbakk.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway