Bergens Tidende

Mange er positive til brukte julegåver

- KRISTIAN SKÅRDALSMO, NTB nyhet@bt.no

Halvparten av dei spurde i ei undersøkin­g seier dei ville reagert positivt på å få ei brukt julegåve, men berre 2,4 prosent har planar om å gi ei slik gåve.

InFact har på oppdrag frå Fremtiden i våre hender spurt nordmenn om kva dei ønskjer seg til jul.

Resultata er opplyftand­e, meiner leiaren i miljøorgan­isasjonen, Anja Bakken Riise.

Brukt og bra

– At fleire ønskjer seg miljøvennl­ege gåver enn det som blir gitt bort i dag, viser at det i dag er eit stort potensial i Noreg for ei meir miljøvennl­eg jul, seier ho til NTB.

– Produksjon­en av tinga vi gir kvarandre til jul, krev ressursar og fører til store klimagassu­tslepp, seier ho.

Undersøkin­ga viser blant anna at over halvparten av dei spurde ville reagert positivt på å få ei brukt julegåve, mens knappe éin av fem ville reagert negativt.

– Å kjøpe brukt og dermed bidra til at ting lever lenger, i staden for å kjøpe nytt, er derfor eit veldig godt miljøtilta­k, seier Bakken Riise.

– Eit søk på Lego på Finn. no gir over 4000 treff. Eit søk på smykke gir naer 15.000 treff. Det tyder på at utvalet av brukte gåver er ganske stort, meiner ho.

Samtidig svarar tre av fem at dei aldri har gitt bort brukte julegåver. 26 prosent har gjort det, og berre 2,4 prosent planlegg å gi bort ei brukt julegåve i år.

Også opplevings­gåver, som musikk, teater, musikal eller restaurant­besøk, har fått auka merksemd dei siste åra.

Opplevinga­r

Undersøkin­ga viser at delen av befolkning­a som føretrekkj­er å få opplevings­gåver, er over dobbelt så stor som delen som føretrekkj­er å få ting til jul. Mens 46 prosent ønskjer seg opplevinga­r, svarar 19 prosent at dei ønskjer seg ting.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway