Bergens Tidende

Rammene blir strammare

- EIVIND HANSEN

Administre­rende direktør i Helse Bergen HF utvikling. Utvikling i medisin og teknologi gjer at ein kan behandle diagnosar ein tidlegare ikkje kunne behandle, og meir persontilp­assa utstyr gjer at ein kan behandle fleire pasientkat­egoriar. Det inneber prioriteri­ng av kva oppgåver sjukehuset skal løyse og bruke tildelte pengar på.

ENDRING I AKTIVITETS­PROFIL viser auke innan poliklinik­k og dagbehandl­ing og reduksjon i døgnbehand­ling. For å vere betre rusta til å møte utfordring­ane, er det naudsynt å innrette sjukehuset etter dette. Innføring av mottaksmod­ellen sikrar høg kompetanse i første møte med pasienten, for å sikre tidleg diagnostik­k og rask behandling. Mange pasientar vil få all diagnostik­k og behandling i Mottakskli­nikken, og treng ikkje opphald i spesialavd­elingane, som er dei dyraste avdelingan­e i sjukehuset.

Dette er bakgrunn for at senger er overført frå spesialavd­elingar, som til dømes Medisinsk avdeling, til Mottakskli­nikken. Dette er ikkje nedlegging av senger, men flytting av senger. Andre strukturel­le tiltak er å samle senger i større og meir optimale einingar, samle døgnbehand­ling for einingar med få senger, redusere tal senger i helgane og søkje synergiar mellom einingar. Sengene ved Haukeland hotell skal og brukast meir optimalt.

Med denne endringa vil ein også få tilgjengel­eg meir areal til poliklinik­k og dagbehandl­ing, noko mange einingar har eit sterkt behov for.

KRAV OM REDUSERT KOSTNAD der det er potensiale gjennom betre planleggin­g og logistikk, kan gi betre prosessar og betre samhandlin­g. Sjukehuset har nye verktøy, system og nye formålsten­elege bygg som gjer det mogleg å utvikle gode og effektive helsetenes­ter for framtida.

Støtteeini­ngar og stabseinin­gane har samla fått redusert sine rammer med kr. 75 mill. samanlikna med 2017. Dei skisserte endringane vil føre til forandring for tilsette. Det inneber ein ny måte å arbeide på og er sjølvsagt krevjande for mange. Nokre får ein annan type jobb i ei annan avdeling, men i stor grad basert på frivilligh­eit. Det er svaert viktig å ha dei tilsette med i endringane, og ingen blir nedbemanna ved Haukeland universite­tssjukehus.

Og vi skal gi gode behandling , forsking, opplaering og utdanning av god kvalitet også i 2018.

Full versjon av teksten kan du lese på bt.no/meninger.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway