Bergens Tidende

Giske bør ta ansvar, og gå av

Landets største parti kan ikkje leve med ein nestleiar på lånt tillit.

-

ALDRI FØR har ein leiar i Arbeidarpa­rtiet omtalt sin eigen nestleiar slik Trond Giske vart omtalt av Jonas Gahr Støre fredag føremiddag. «Han har ikkje mykje å gå på», sa Støre. Vidare sa han at det no er viktig å rydde opp og kome vidare med politikken. Det Støre legg opp til, er det motsette.

ETTER EI DRYG VEKE med medieoppsl­ag der anonyme kvinner fortalde om utidige, seksuelle tilnaermin­gar frå Giske, stadfesta Støre torsdag kveld at Giske har «opptrådt kritikkver­dig».

Støre ville ikkje svare på om han hadde tillit til Giske, berre at han har «tillit til at han kan gjøre den jobben han er satt til å gjøre».

Støre har fleire gonger gjentatt at tilliten til Giske er svekka, og at vegen vidare vil avhenge av kva som dukkar opp av historier. Dermed har partiet ein nestleiar som når som helst kan miste partiets tillit, utan eit klart sluttpunkt.

DET ER FRAMLEIS UKLART kva Giske har gjort, og kor stort omfang det har. Gjennomgåa­nde for historiene i media er at Giske skal ha kome med verbale, seksuelle tilnaermin­gar til unge kvinner.

I fleire av tilhøva skal det ha skjedd i samanhenga­r der Giske opptredde i kraft av sin posisjon, i parti og regjering. Det undergrev den tilliten slike verv er avhengige av.

Felles for alle er eit ujamt makttilhøv­e mellom Giske og kvinnene, der hans posisjon gjer at kvinnene føler seg pressa.

AT SAKENE OM GISKE kjem opp no, er ikkje tilfeldig. Metoo-kampanjen har senka terskelen for kva ein kan melde frå om, noko Støre sjølv understrek­a til NRK fredag.

Det fritek likevel ikkje leiinga og resten av likestilli­ngspartiet Ap. Støre seier sjølv det har vore ein ukultur, og den burde partiet tatt fatt i for lenge sidan.

GISKE HAR ÒG VORE verna fordi rykta er blitt tolka inn i maktkampen i partiet. Giske blir rekna som haerførar for venstresid­a, og har mange allierte i parti og fagrørsle.

Men sjølv om ein tenkjer kynisk maktpoliti­kk, har dei gjort eit dårleg val ved å satse på ein kandidat med ei slik framferd som den Giske synest å ha hatt.

SJØLV OM NOKRE av dei som står fram òg skulle vere ute etter å skade Giske politisk, spelar det ikkje noko rolle.

Så lenge Giske har gjort det han er skulda for, er det problemet. Ingen maktkamp kan rettferdig­gjere slik framferd frå ein som har ambisjon om å bli landets statsminis­ter.

TIDA VIL VISE kor alvorleg Giskes åtferd har vore, men det er tydeleg for alle at han skadar partiet ved å bli sitjande. Av respekt for partiet bør han difor tre til side.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway