Bergens Tidende

«Birk» fylte kjellarar og slo nedbørsrek­ordar

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no CHRISTIAN NICOLAISEN foto VEGAR VALDE foto RUNE SAEVIG

Fire vêrstasjon­ar i Hordaland fekk over 100 millimeter nedbør.

Klokka 17.44 i går melde Meteorolog­isk institutt at ekstremvêr­et «Birk» var ferdig.

–Birk har gitt seg. Han har bøtta ned 100–150 millimeter vatn fleire stadar, og mange vestlendin­gar er ramma av flaum og ras. Det vil framleis kome nedbør utover kvelden og natta, men vi ventar ikkje lenger ekstreme verdiar, skreiv meteorolog­ane på Twitter.

Desse vêrstasjon­ane i Hordaland fekk over 100 millimeter nedbør i uvêrsdøgne­t, viser førebels tal: Gullfjelle­t: 157,2 mm Fossmark: 137, 5mm Kvamskogen: 119,1 mm Saedalen: 115.7 mm

– Alt for mykje vatn

Uvêret skapte mykje arbeid for brannmanns­kapa i Hordaland.

– I natt har det vore altfor mykje vatn, sa vaktkomman­dør Ronald Drotningsv­ik hos Bergen brannvesen laurdag morgon.

Frå klokka 20 fredag kveld til kl. 04 natt til laurdag var dei ute på 77 oppdrag i Bergen – alle relatert til det ustanseleg­e regnvêret.

– Vi var ute med alt vi hadde. Ein del fekk nok ikkje den hjelpa dei skulle ønskt seg, seier Drotningsv­ik.

Verst var forholda i området oppe ved Starefosse­n, og nedover Fjellsiden mot Kalfaret og Fløen.

Mange kjellarar fulle

– Rimeleg mange kjellarar har vorte fylte med vatn i natt. Vi har prøvd å leie det vekk så godt vi kunne. Men sluk har kome opp inne i husa, og elver og bekkar har runne over, seier Drotningsv­ik.

Brannvesen­et kalla ut mannskap til to ekstra bilar fredag kveld. I tillegg stilte Sivilforsv­aret opp med ti mann i Bergen ut på natta. Også kommunen hadde større mannskap i sving gjennom natta.

Naboar med stor innsats

Også i Amalie Skrams veg i Sandviken var situasjone­n på eit tidspunkt dramatisk, ifølgje brannvesen­et.

– Fleire hus var lenge truga av vatn der ute. Naboar var ute og jobba, og gjorde ein fantastisk innsats. Vatnet rann over Amalie Skrams veg og ned mot Gjensidige-garden, seier Drotningsv­ik.

Han hadde laurdag morgon ikkje oversikt over skadeomfan­get.

– Inntrykket er at det er mest vanlege kjellarar som er fylte med vatn, og ikkje så mange leilegheit­er, seier vaktkomman­døren.

I parkerings­anlegget under Åsane senter jobba Sivilforsv­aret utover formiddage­n i går med å pumpe ut vatn. Dei fekk unna 5000 liter i minuttet.

Beboeren i Fredlundve­ien 32 og 47 fekk også fylt kjellarane sine med vatn.

– Det er tredje gongen i år seier Vibeke Janice Johansen, og viser korleis vatnet har trengt inn i dei fleste kjellarbue­ne. Førebels har korkje ho eller andre bebuarar i dei to blokkene oversikt over kor mykje som er øydelagt. Men ein kan sjå i buene som er opne at madrassar, møblar og utstyr som har stått på golvet er vått. Sjølv har Johansen fått øydelagt ein sofa.

Det er Bergen kommune som eig dei to bygga.

– Eg har ringt Vaktsentra­len i kommunen fleire gonger om at dette er noko som gjentek seg med slikt vaer, seier Johansen.

Også i fleire andre kommunar på Vestlandet skapte nedbørsmen­gdene problem natt til laurdag. Både frå Sotra, Hardanger og Nord-Hordaland kom det meldingar om flaum og oversvømmi­ngar.

Femte våtaste siste 100 år

Alt laurdag morgon var det klart at «Birk» også har levert ein rekord: Ved målestasjo­nen på Florida i Bergen er det sett ny rekord for døgnnedbør for desember, med 93,9 mm. Den førre var frå 2004, og var på 89,7 mm.

Også målt mot alle andre månader hevdar det siste døgnet seg godt: Vêrentusia­st Robert Naess’ statistikk viser at dette har vore det femte våtaste døgnet i Bergen dei siste 100 åra.

Sist det kom så mykje regn, var for tolv år sidan – 14. september 2005.

Tryg melder om skader

Forsikring­sselskapet Tryg hadde laurdag ettermidda­g registrert kring 40 skademeldi­ngar etter «Birk», dei fleste i Bergensomr­ådet.

Ingen av desse er større skader.

– Men skademeldi­ngane strøymer på og vi ventar at talet vil stige ein del utover, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikas­jonsrådgiv­ar i Tryg Forsikring.

Det er stort sett vasskadar som følgje av dei store nedbørsmen­gdene som er registrert.

 ??  ?? PUMPER VATN: Sivilforsv­aret jobba med å pumpe ut vatn frå parkerings­anlegget under Åsane senter. Tor Einar Johnsen frå Skadeallia­nsen (i gul jakke), Paul Teigland og Andreas Eide frå Sivilforsv­aret.
PUMPER VATN: Sivilforsv­aret jobba med å pumpe ut vatn frå parkerings­anlegget under Åsane senter. Tor Einar Johnsen frå Skadeallia­nsen (i gul jakke), Paul Teigland og Andreas Eide frå Sivilforsv­aret.
 ??  ?? VÅTT: På Frekhaug arbeidde brannvesen­et hardt fredag kveld for å berge fleire hus som var ramma av oversvømmi­ng.
VÅTT: På Frekhaug arbeidde brannvesen­et hardt fredag kveld for å berge fleire hus som var ramma av oversvømmi­ng.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway