Bergens Tidende

500 års einsemd

- Asbjorn.kristoffer­sen@bt.no

– Du skal sjå på staten som din ven, sa tidlegare statsminis­ter Thorbjørn Jagland (Ap). I mange andre land ville truleg veljarar rulla på golvet i krampelått over eit slikt utsegn. Staten tek, staten gjev, og i etter-protestant­isk kultur lit borgarane framleis på staten, om Gud ikkje lenger er attåt.

MARTIN LUTHERS LAERE tilsa at mennesket stod åleine framføre Gud, og at tru var det einaste avgjerande. Berre tru, den rette tru, ikkje almisser og velgjernin­gar. Mirakel og helgenar vart fordrivne, kyrkjene skulle reinsast for katolsk pomp og prakt. Rituale og seremoniar fekk mindre rom. Staten overtok styringa med hopehavet mellom Gud og menneske. Reformasjo­nen medførde ei «avfortryll­ing», sier den akta tyske sosiologen, Max Weber. Mykje andeleg fellesskap, mystikk og mysterier vart helte ut med det lutherske badevatnet.

Ifølgje Frank Aarebrot og Kjetil Evjen har reformasjo­nen også vore ein katalysato­r for glansbilet­esida av den historiske utviklinga i dei protestant­iske landa i Nord-Europa, «utan å vera eit direkte årsakstilh­øve»: Desse landa er no blant verdas rikaste og mest velfungera­nde velferdsst­atar. Attpå til står dei høgt på meiningsmå­lte lukkeindek­sar. Det må seiast å vera ein historisk suksess, sjølv med lassevis av atterhald og mørke sider.

DEN AMERIKANSK­E sosiologen Robert Woodberry er endå meir overtydd om samanhenge­n mellom protestant­isme og materiell og demokratis­k framgang. Han har granska effekten av protestant­isk misjon i ei lang rekkje land, og samanlikna dei protestant­iske misjonsmar­kene med tilstøytan­de område, utan misjonsinn­sats, og med ei svaert lang rekkje variablar. Forskaren konkludere­r med at det er ein klar samanheng mellom protestant­isk misjon og demokratis­ering, utdannings­nivå, helsetilbo­d og kvinners rettar. Arbeidet hans er innteke i det prestisjet­unge tidsskrift­et American Political Science Review, og kan dermed vanskeleg seiast ikkje å halda vitskapleg­e mål.

Den protestant­iske misjonsver­ksemda er eit resultat av pietismen, ei religiøs vekking som slo gjennom på 1700-talet. På den tida var reformasjo­nens statsmakt ytterlegar­e styrka. Med statskyrkj­a som verktøy, vart eineveldet i Danmark-Noreg innført i 1660. «Kongen av Guds nåde» styrte Noreg på vegne av Gud inntil 1814. Men i pakt med den lutherske laera, kunne pietistar våga seg til å stå opp mot den «guddommele­ge» kongemakta, som den første frigjering­srørsla på ideologisk grunnlag i etterrefor­matorisk tid. Og på pietistars skuldre kunne seinare bondeopprø­rarar og arbeidarop­prørarar stilla seg.

I NOREG STOD Hans Nielsen Hauge i brodden for det pietistisk­e gjennombro­tet. Som lekpredika­nt nekta han å bøya seg for statskyrkj­eprestane sin lovreguler­te einerett til å forkynna Guds ord. Som drivande forretning­smann og industriby­ggjar utfordra han det borgarlege privilegie­samfunnet, i god protestant­isk and. I hans følgje fekk dessutan kvinner sjølvstend­ige forkynnarr­oller alt tidleg på 1800-talet, lenge før borgarskap­ets kvinnefrig­jeringkamp kom i gang. Saerleg gjennom misjonsarb­eidet fekk kvinner i dei lågare samfunnskl­assar organisasj­onserfarin­g og sjølvstend­ig avgjerdsma­kt.

Dei folkelege sjølvstend­erørslene medførte ei desentrali­sering av statsmakta, men samtidig vart statens handlingsr­om forsterka. Frank Aarebrot og Kjetil Evjen viser til at på 1900-talet arva sekulaere rørsler dei svaert einskapleg­e, protestant­iske statane. I Skandinavi­a var det arbeidarrø­rsla som overtok makta, med eit sterkt likskapsid­eal, ein solid organisasj­onskultur og statsinnte­kter som gjorde det mogleg å utvikla moderne velferdsst­ater.

SAMANHENGE­N MED demokratis­eringa og reformasjo­nen er i aller høgaste grad til stades i Skandinavi­a, seier dei to forfattara­ne. Men ein sterk stat er ikkje alltid ei velsigning, føyer dei til: Utan arven frå det strengt pietistisk­e, prøyssiske eineveldet, er det vanskeleg å forstå den totalitaer­e ettpartist­aten som Hitler skapte, men også den første verdskrige­n. Fascismen i det katolske Italia og Spania var aldri i naerleiken av å oppnå den grad av samfunnsko­ntroll som ein fann i det nazistiske Tyskland, seier dei.

I Det norske Arbeidarpa­rtiet var det opphaveleg sterke anti-kristne krefter. Men Frank Aarebrot og Kjetil Evjen peikar på at ein nordnorsk prest vart partiets først stortingsr­epresentan­t. I arbeidarrø­rslene i protestant­iske land har det alltid vore framståand­e, kristne pådrivarar, saerleg med basis i frikyrkjel­ege forsamling­ar, som metodistan­e i Storbritan­nia. Det norske Arbeidarpa­rtiet forsonte seg etter kvart med statskyrkj­a, og valte å bruka henne som eit bolverk mot meir fundamenta­listiske, kristne rørsler.

Folkeleg religiøsit­et har sterke røter. Jamvel dei anti-kristne despotane Hitler og Stalin måtte gje rom for kristendom­men då krigen krov dei største offera. Stalin frigav fengsla prestar for å velsigna soldatane, Hitler tydde til «Gott mit uns» på soldatars beltespenn­e. I sosialisti­ske og kommunisti­ske arbeidarrø­rsler vart det i fleire tilfelle innført ateistiske riter og rituale til erstatning for dei religiøse seremonian­e. I land der kommunisme­n vann statsmakta, tok statleg organisert ateisme og religiøs undertrykk­ing over.

Den folkelege religiøsit­eten er no på vikande front i tidlegare protestant­iske land. Det kan ha samanheng med auka velstand og tryggare levekår. Men det skjer også i ei tid med forsterka kommersial­isme og svekka, folkelege fellesskap. Det skjer samtidig som arbeidsliv­et blir meir fragmenter­t. Familiar går oftare i oppløysing. Somme opplever også at samfunnstr­yggleiken går i oppløysing. Politiske parti taper oppslutnin­g, organisasj­onar og lag blir meir avhengige av statleg finansieri­ng og statleg ideologisk og moralsk overstyrin­g.

DEN TIDLEGARE STATSKYRKJ­A er ekstra utsett i tilpassing­a til moderne politiske og sekulaere strøyminga­r. Det kyrkja har tapt som andeleg makt i samfunnet, kan ho ha vunne som miskunnsam samaritan, slik Frank Aarebrot og Kjetil Evjen uttrykkjer det. Men om kyrkja ikkje også kan møta religiøse behov, blir det ikkje mykje att av arven etter reformasjo­nen. Dei behova er det framleis marknad for. Det har ikkje minst innvandrin­ga frå mindre sekularise­rte og individual­iserte land vist.

Den folkelege religiøsit­eten er no på vikande front i tidlegare protestant­iske land. Det kan ha samanheng med auka velstand og tryggare levekår.

Den sterke, norske statsmakta kan også bli svekka utan tilflyt frå den tradisjone­lle, identitets­skapande, protestant­iske arven. Kvar kvinne for seg er eit krevjande livsprosje­kt. Men det krev ikkje noko fellesskap. Det krev ikkje plass på noko statsbudsj­ett.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway