Bergens Tidende

Ryddejobbe­n i SSB er ikkje gjort

-

Christine Meyer gjekk av som SSB-sjef i november. Hovudspørs­målet i høyringa i Stortinget onsdag er om ho fekk sparken av finansmini­ster Siv Jensen fordi Meyer ville degradere Frps favorittfo­rskar, Erling Holmøy, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.

I det første svarbrevet til Stortinget 21. november skriv Jensen at kravet om at SSB måtte omstillast var klårt allereie i stillingsu­tlysinga til jobben Meyer fekk. Sidan vart kravet følgt opp i ulike styringsdo­kument og samtalar med departemen­tet. UROA VAR IKKJE utan grunn. Økonomiske makromodel­lar som dei SSB bruker er i stor grad avhengige av skjønn. Kritikarar går langt i å stemple SSB-modellane som uvitskaple­ge, og snakkar ironisk om at dei er avhengige av «handspåleg­ging». Tilhengjar­ane av SSB-modellane er sjølvsagt djupt usamde. Dei peiker på at òg alternativ­a, som DSGE-modellane UiOprofess­or Kjetil Storslette­n har foreslått, er avhengige av skjønn.

Uansett er dagens SSB-modellane avhengig av at nokon tolkar tala som kjem ut, for å sjå om dei ser rimelege ut. Det gjer modellane svaert personavhe­ngige. Når viktige medarbeida­rar reagerte på Meyers omorganise­ring med å slutte eller truga med å slutte, og andre, som Holmøy, vart flytta ut av forskingsa­vdelinga, så var det difor eit problem.

Men kan Meyer lastast for dette? Gjorde ho ikkje berre ei rimeleg tolking av krava frå Finansdepa­rtementet, og sette i gang ei effektivis­ering av SSB samstundes som ho sikra forsvarleg drift av statistikk­avdelinga?

 ?? FOTO: MARIAM BUTT, SCANPIX ?? UTE:
FOTO: MARIAM BUTT, SCANPIX UTE:
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway