Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Siv Jensen tok over ansvaret for å omstille Statistisk sentralbyr­å då ho sparka Christine Meyer.

-

ISTØYEN RUNDT Christine Meyers avgang som SSB-sjef i november, drukna eit av hennar beste argument: Omstilling­a ho sette i gang i Statistisk sentralbyr­å (SSB) var eit oppdrag ho hadde fått frå finansmini­ster Siv Jensen (Frp).

Onsdag er dei to innkalla til kontrollko­miteen på Stortinget, til ei høyring om saka. Dei vil eigentleg berre ha svar på eitt spørsmål: Fekk Christine Meyer sparken av Siv Jensen fordi Meyer ville degradere Frps favorittfo­rskar, Erling Holmøy? Meyer meiner det var slik, Jensen seier blankt nei. SKULLE MEYER ha rett, ville det vore alvorleg for Frp-leiaren. Ei slik detaljstyr­ing av SSB bryt med styringssy­stemet og den faglege fridomen byrået skal ha. Dessutan vil eit slikt partipolit­isk omsyn frå finansmini­steren innebere ei rollebland­ing som ikkje ser bra ut.

Men Siv Jensen vil neppe bli felt, med mindre det dukkar opp heilt nye opplysinga­r under høyringa. I to svarbrev Jensen sende Stortinget før jul, kan ho langt på veg dokumenter­e at Finansdepa­rtementet var uroleg for konsekvens­ane av omstilling­ane i SSB lenge før namnet Holmøy dukka opp. Det skal mellom anna ha skjedd i eit møte 26. januar 2017.

Det einaste som kan gjere dagen ubehageleg for Jensen er vitnemålet frå ekspedisjo­nssjef Amund Holmsen. Meyer påstår at han ringde i byrjinga av november og fortalde at «situasjone­n ville løyse seg» viss Holmøy fekk fortsetje i forskingsa­vdelinga. Departemen­tet har avvist dette.

SPØRSMÅLET om SSBs sjølvstend­e, og finansmini­sterens innblandin­g, er kanskje det viktigaste for kontrollko­miteen. Men under dette ligg det ei endå meir interessan­t problemsti­lling: Gjorde ikkje Christine Meyer berre jobben sin, i tråd med dei føringane ho fekk frå Finansdepa­rtementet?

DET ER FLEIRE grunnar til at SSB må omstillast. Statistikk­produksjon­en er unødvendig ineffektiv, fordi mykje må gjerast manuelt og fordi ein opererer med ulike IT-system som ikkje går godt saman. Digitalise­ringa av samfunnet fører til ein enorm vekst i datatilfan­g, som krev maskiner, automatise­ring og kompetanse for å handtere.

I tillegg kjem generelle krav frå Finansdepa­rtementet om auka effektivit­et, og klager frå universite­t og andre brukarar om at forskingsd­ata frå SSB er alt for dyre og for vanskeleg tilgjengel­ege.

FOR Å MØTE krava sette Meyer i gang eit stort digitalise­ringsprogr­am, med ei kostnadsra­mme på 500–600 millionar over fire–fem år. Mesteparte­n av dette skulle Meyer ta frå SSBs eige budsjett, som er rundt ein milliard i året.

I ein organisasj­on der løn utgjer mesteparte­n av utgiftene, krev det nedbemanni­ngar. Alt skulle skje ved naturleg avgang, som i røynda måtte vere større fordi SSB òg treng å hente inn ny kompetanse.

Og dette skulle skje raskt. I tildelings­brevet for 2017 kravde Finansdepa­rtementet at «SSB må sette i verk tiltak allerede tidlig i 2017 for å frigjøre nødvendige ressurser».

HER KJEM VI tilbake til Holmøy: Nedbemanni­nga svekte den viktige statistikk­avdelinga. Meyer meinte det var best for drifta av SSB at 25 tilsette vart flytta frå forskingsa­vdelinga til statistikk­avdelinga.

UT FRÅ DET som har kome fram til no i saka, ser Meyer ut til å ha undervurde­rt følgjene for forskingsa­vdelinga, og for deira evne til å tene departemen­ta. Ho ser òg ut til å ha overvurder­t sitt eige handlingsr­om.

Mesteparte­n av inntektene til SSB kjem frå Finansdepa­rtementet. Dei er igjen avhengige av leveransan­e frå SSB. Då bør det ikkje overraske at departemen­tet ville gripe inn om desse leveransan­e var truga. Ikkje berre det: om det verkeleg var fare på ferde var det deira plikt å gripe inn.

Men kva skuld hadde Siv Jensen og hennar departemen­t for at det gjekk så langt? Hadde Meyer stort nok økonomisk handlingsr­om til å klare omstilling­ane utan at det gjekk ut over anten statistikk­avdelinga eller forskingsa­vdelinga, eller begge deler?

RYDJEJOBBE­N Meyer byrja på er ikkje over. Det er heller ikkje diskusjone­n om forskinga til SSB. I mars kjem rapporten frå Statistikk­lovutvalet. Etter bruduljen med Meyer før jul fekk dei i tilleggsop­pgåve av Siv Jensen å sjå på forskingsa­vdelinga.

Meyers etterfølgj­ar får jobben med å rydde vidare, og sikre kvaliteten på det SSB leverer. Men det er ein jobb med stramme taumar. Er det noko Meyer-saka har vist, er det at den eigentlege sjefen i SSB er Finansdepa­rtementet. Siv Jensen har dermed tatt på seg ansvaret for at omstilling­a av SSB lykkast.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway