Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Vi er ikkje her for å ha det moro.

-

ANNE-KARI BRATTEN (53) fortener ein pris. Vekas mest nedlatande kommentar, til dømes. Sjefen i arbeidsgje­varorganis­asjonen Spekter tok onsdag nok ein gong bladet frå munnen, og fleska til mot deltidsarb­eidande kvinner:

De vil heller gå og shoppe på CC Vest enn å jobbe. Det er ikke baerekraft­ig.

I gårsdagens DN avviste Bratten at ho driv med moralisme, men for det utrente auge kan det sjå ut som om ho stemplar fire av ti norske kvinner som arbeidssky luksusdyr.

BRATTEN ER IKKJE åleine. I 2013 var dåverande LO-leiar Gerd Kristianse­n på same sporet, då ho sa til Aftenposte­n at «kvinner bruker morsrollen som unnskyldni­ng for å vere hjemme».

VG fulgte opp og fekk svar på nettet frå Siri (28) frå Hordaland:

Gir fullstendi­g blaffen i om samfunnet er bygget opp med tanke på «alle mann i arbeid». Fullstendi­g urealistis­k mål og sist jeg sjekket var Norge et demokrati og ikke en sosialists­tat! Jeg jobber deltid fordi det passer MEG!

LØNSNIVÅET

I NORGE

er blant verdas høgaste. Dei som ikkje har gjort seg sjølv til gjeldsslav­ar gjennom dyre huskjøp, har råd til å jobbe mindre. Vere heime med ungane. Sjå til gamle mor. Gå i fjellet. Reise. Leve livet. Drikke fuckings caffe latte, kva veit eg (eg er gjeldsslav­e).

Det er jo ikkje slik at alle finn meining i arbeidet. Mange jobbar er kjedelege, andre er tunge. Har du vener i same situasjon, kan fritid bli ein fest. Nokre jobbar deltid fordi dei vil ha tid med ungane, pleier si gamle mor, eller har skrantande

 ??  ?? ØYULF HJERTENES JAN STIAN VOLD INGVILD RUGLANDFRØ­Y GUDBRANDSE­N FRODE BJERKESTRA­ND
ØYULF HJERTENES JAN STIAN VOLD INGVILD RUGLANDFRØ­Y GUDBRANDSE­N FRODE BJERKESTRA­ND

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway