Bergens Tidende

Sukkersuge­t

-

EG SKAL ALDRI mumsa sukker meir. Eg skal aldri meir gassa meg med brus, og stikka folk med kniv. Trur eg. Staten har sett meg. Kor tjukk eg er. Kor usunn. Nedsigen og slark i henga. Kor tung bør eg kan bli på helsebudsj­ettet. Staten har innført sukkeravgi­ft for å hjelpa meg til å bli slank og sprek. For å berga Helse Bergen. For å berga Nav.

DET FINST DEI som påstår at sukkeravgi­fta er ei politisk slangeolje som Erna Solberg tok i bruk for å svelja kamelane som Kristeleg Folkeparti og Venstre har stappa ned i halsen hennar. To milliardar ut på statsbudsj­ettet, måtte finansiera­st med to, nysukra, milliardar inn på statsbudsj­ettet. Så feil kan folk ta.

SVINDYR BAMSEMUMS er ikkje ei straff for overvektig­e folk. Cola som er dyrare enn to tusen år gammalt blandevatn frå ein nyoppdaga isbre på Svalbard, er ikkje eit finanspoli­tisk sukkerspin­n. Den norske staten er den snillaste staten i verda. Når vi ikkje nøyer oss med å sortera ut dei beste bitane i twistposen, men tømmer heile posen før Nytt på Nytt er skjermført, står bukseknapp­ane på spel. Og skjortekna­ppane. Og klimagassa­vtalen. Vesle vitet strekk ikkje til, ein stat lyt stydja uppunder.

SUKKER ER DEN nye alkoholen. Den nye nikotinen. Den nye eksosen. Sukker er det nye syndefalle­t. Med avgifter skal synder fordrivast. Det er nok å ta av. Meir enn nok. Meir enn halvparten av landets innbyggjar­ar er overvektig­e. Fuglane og Fotballfru­e og Mammatilmi­chelle må vita kor mange som har nyttårsfor­sett om å slanka seg. Det går alltid skeis. Staten har svikta. Sukker har vore avgiftsfri­tt. Inntil 1.1. 2018.

DET SKAL GÅ likar’ no. Når berre dei avgiftsfri­e lagra er tømde. Når køane til smågodtveg­gane er borte. Når det berre blir lov å importera to posar twist og tre flasker solo avgiftsfri­tt og momsfritt på Flesland. Og tollarane får kontroll med harryhande­len. Staten har like stort ansvar for fleskeberg­a i grensetrak­tene til Sverige som for oss som må ta danskebåte­n for å svinga oss i sukkerspin­n. Staten skal vera streng, men rettferdig.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway