Bergens Tidende

Krigen som aldri endar

-

Det kunne sjå ut til at krigen i Syria gjekk mot slutten. No er ikkje slutten eingong i sikte.

YRIA OG TYRKIA driv kvar sin militære offensiv i nordvestle­ge Syria, og begge kan utløyse store flyktnings­traumar.

Den syriske offensiven er godt i gang. Regimestyr­kane til Bashar al-Assad fekk eit gjennombro­t 28. desember, og sidan har dei rykka stadig lengre nord i Idlib-provinsen.

No er dei nær å dele det opprørskon­trollerte området i to.

Det er uklart kor mange sivile som er drivne på flukt, men det skal vere snakk om meir enn 100.000. Ifølgje FN bur det meir enn to millionar sivile i Idlib. Det finst mange internt fordrivne i provinsen, blant anna frå Aleppo.

Fluktmogel­egheitene til Tyrkia er uklare. Grensa er for det meste stengt, og tyrkarane ønskjer ikkje nye bølgjer med flyktninga­r inn i landet. Flyktninga­vtalen med EU gjer det svært vanskeleg for flyktninga­ne å bli reetablert andre stader.

DEN SYRISKE OFFENSIVEN,

støtta av Russland, har opna døra for terrorgrup­pa IS. Det siste året er terrorgrup­pa blitt knust på mange frontar. By etter by har falt.

No er IS på offensiven igjen, og har avansert i kjølvatnet av regimeoffe­nsiven.

Sjansen for å få dei ulike opprørsgru­ppene i Idlib med på våpenkvile­avtalar med Russland, Tyrkia og Iran, er samtidig blitt redusert. Russland ønskjer å trekkje seg ut av kamphandli­ngane i Syria, men vil samtidig beskytte Assadregim­et.

Vladimir Putin kan umogeleg vere nøgd med utviklinga dei siste vekene, men stiller likevel opp med bombefly mot Idlib.

AFRIN-PROVINSEN LIGG nord for Idlib. Området har vore kontroller­t av den kurdiske YPGgerilja­en sidan 2012. Området er lenge blitt utsett for trugsmål frå både syriske opprørssty­rkar og Tyrkia, men har knapt sett direkte kamphandli­ngar.

Tyrkia har truga med å invadere Afrin-provinsen. Militæro- perasjonen starta fredag, med førebuande artilleriå­tak.

Tyrkia ønskjer ikkje permanent kurdisk kontroll over Afrin, og dei ønskjer ikkje at det skal opprettast ei kopling mellom Afrin og resten av dei kurdiskkon­trollerte områda i nordlege Syria. Dei er livredde for ei kurdisk statsdanni­ng på grensa si.

DEN POLITISKE RØRSLA som YPGmilitse­n er ein del av, er tett knytt til den tyrkisk-kurdiske terrorgrup­pa PKK. Ei kurdisk statsdanni­ng, basert på PKK sin ideologi, kan fort føre til kurdisk lausriving i det søraustleg­e Tyrkia. Det er i alle høve det Tyrkia fryktar.

Difor invaderte Tyrkia, i 2016, det IS-kontroller­te området aust for Afrin, på grensa til Tyrkia.

Tyrkia visste at den USA-leia offensiven mot IS-kontroller­te byar som Mosul og Raqqa nærma seg, og IS sitt fall var nær. Ved å presse IS vekk frå grensa, fekk Tyrkia samtidig sikra at kurdiske styrkar ikkje fekk tatt områda sjølv då IS falt.

No er Afrin nær omringa av

 ??  ?? MÅ FLYKTE: Alle som har flykta til Idlib-provinsen nordvest i Syria, må igjen flykte, etter at den syriske regjerings­hæren har starta ein offensiv mot det opprørskon­trollerte området.
MÅ FLYKTE: Alle som har flykta til Idlib-provinsen nordvest i Syria, må igjen flykte, etter at den syriske regjerings­hæren har starta ein offensiv mot det opprørskon­trollerte området.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway