Bergens Tidende

Menneske i naud treng ikkje ein o

-

Sidan 1970-talet har Noreg sendt omnar til flyktningl­eirar. Dei vert ikkje brukt.

Kvar gong vert eg like oppgitt av å høyre at vi tenkjer kortsiktig, og ikkje nyttar erfaringan­e vi har gjort oss etter fleire tiår med same forsøk.

SOM REGEL ER DET ein organisasj­on som har fått midlar frå ein givar, Noreg eller eit anna vestleg land. Og som regel er det ein organisasj­on som ikkje har jobba med energi før. Dei seier dei skal gje folk i Afrika betre omnar å lage mat med. Slik kan dei hindre avskoging, sidan matlaging i dei fleste afrikanske land blir gjort over open flamme.

Dette er ikkje noko nytt.

Vi har gitt ulike typar omnar til afrikanske flyktningl­eirar sidan 1970-talet, men dei vert ikkje brukt fordi dei ikkje har tilgang på passande brennstoff i nærleiken. Ingen vil jobbe langsiktig med å byggje opp eit system for slik tilgang og samtidig sikre næringsliv­et i områda.

NÅR EG FÅR SLIKE

førespurna­der, bruker eg å seie at energi i desse områda i 99 prosent av tilfella handlar om brennstoff­tilgang. Omnane treng flytande gass, etanol, sagmugg eller andre typar brensel som nokon i nærleiken må produsere til ein overkomele­g pris. Eit system for produksjon og tilførsel av brennstoff må til, og nokon må vere ansvarleg for dette og ha det som inntektskj­elde. I tillegg må ein ha opplærte folk og tilgang på maskiner for å vedlikehal­de teknologie­n.

Først når dette er på plass, og drivstoffe­t kostar lite nok til at folk kan kjøpe det, kan ein introduser­e matlagings­teknologi.

Då får eg fort til svar at pengane som kjem frå Noreg, ikkje dekkjer ein slik prosess med å finne drivstoff. Pengane er òg tidsavgren­sa og må brukast fort.

ORGANISASJ­ONEN SPØR MEG deretter om eg ikkje trur at folk likevel treng ein omn, sjølv om ikkje alt dette er på plass.

Nei, svarar eg då, dei har masse berekrafti­ge omnar, men dei har ikkje brennstoff som passar i omnane.

Folk i humanitær krise vel heller å putte den fine teknologie­n på ei hylle, og spare den i tilfelle dei kan selje den. Det er ikkje mogeleg å lage mat til familien på den uansett, med for dyr eller ingen brensel.

Etter at eg har sagt mitt, svarar organisasj­onen at det er for mykje å tenkje på, og at dei vel å tru at den lokale marknaden og tilgang på brennstoff ikkje er så viktig når folk er i umiddelbar krise etter krig eller katastrofe.

DIVERRE MEDFØRER IKKJE pengane frå Noreg noko ansvar for å byggje opp noko langsiktig. Vi jobbar med teknologib­istand på same måte som for femti år sidan, trass i at vi veit at denne typen teknologio­verføring ikkje fungerer.

Så sender dei omnane til Afrika. Pengane er gitt til eit prosjekt som skal teste

 ??  ?? KRISE: Norsk teknologib­istand er utdatert, skriv Brita Fladvad Nielsen. Flyktninga­r har mange berekrafti­ge omnar, men dei har ikkje brennstoff som passar i omnane.
KRISE: Norsk teknologib­istand er utdatert, skriv Brita Fladvad Nielsen. Flyktninga­r har mange berekrafti­ge omnar, men dei har ikkje brennstoff som passar i omnane.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway