Bergens Tidende

Skal fornya Folgefonna som skidestina­sjon

- GURO VALLAND guro.valland@bt.no

Investoran­e Trond Mohn og Øystein Stray Spetalen er mellom dei som satsar 28 millionar kroner på det nye velkomstby­gget på isbreen.

– Eg har stått på ski mange stader i verda. Fonna er heilt unikt, seier Spetalen til BT.

Investoren frå Sandefjord har sterke røter i bygda som husar sommarskis­enteret Fonna. Mor hans er frå Jondal og Spetalen har lagt att mykje tid på breen.

– I tillegg har eg barn som har drive med alpint. Det var motivasjon­en for å vera med på å utvikla destinasjo­nen, seier Spetalen.

Rosar produktet

No er han ein del av ei investorgr­uppe som vil ta Fonna til eit nytt nivå. Grunnstein­en i satsinga er eit nytt velkomstse­nter til 28 millionar kroner.

Ny restaurant, salslokale og informasjo­nssenter er mellom planane i den kraftige oppgraderi­nga.

– Eg er ingen lokalpolit­ikar, men når ein har eit så godt produkt som Fonna, må ein utvikla det, seier Spetalen.

Saman med medinvesto­r Gunnar Hvammen, industrimi­lliardær Trond Mohn og to lokale investorar, har Spetalen satsa kapital i Fonna i fleire år.

Sidan dei overtok Visitfonna AS i 2013 er skitrekket vorte lengre og løypenette­t betre.

– Dei tilsette har gjort ein fantastisk jobb med å gjera produktet best mogeleg. Me byggjer stein på stein, seier Spetalen.

Mohn: – Glad i Hardanger

I over 20 år har det vore mogeleg å driva med sommarski på Noregs tredje største isbre. Det høgaste punktet ligg 1450 meter over havet.

Hordaland folkeblad var dei som først skreiv om planane til Folgefonna Velkomstse­nter AS, som Visitfonna og Folgefonni breførarla­g står bak.

Av eigenkapit­alen på vel ni millionar kroner, er det Trond Mohn som bidreg mest. Han har ein eigardel i Visitfonna på 42,86 prosent.

På klingande dialekt er det tydeleg at Mohn har eit hjarte for å investera òg i denne delen av Vestlandet:

«Er glad i Hardanger og me lyt støtta dei på hi sido av fjorden også», skriv han om bakgrunnen for investerin­ga i ein SMS.

Har mangla komfort

Etter å ha meir enn dobla omsetnaden frå 3,4 millionar kroner i 2013 til vel 7,4 millionar kroner i 2017, er tida komen for å ta Fonna til eit nytt nivå.

– Dagens tilhøve legg ikkje til rette for vekst og utvikling av sommarskis­enteret slik me ønskjer. «The missing link» har vore komfort og kvalitet på det som er rundt sjølve opplevinga, seier dagleg leiar Andreas Skogseth i Visitfonna.

Målet er å utvikla Fonna til det leiande sommarskis­enteret innan alpint, langrenn og park. Tilbod om guida breturar er òg ein del av drifta.

– Eit nytt velkomstse­nter vil ta oss frå å vera eit produkt for dei spesielt interesser­te, til eit produkt for allmenta, seier Skogseth.

Innovasjon Norge har trua

Oppgraderi­nga ved breen skal etter planen kosta 28 millionar kroner.

Utanom kapital frå Mohn og co, er Innovasjon Norge inne i prosjektet med eit tilskot på fem millionar kroner og åtte millionar kroner i lån.

Nina Broch Mathisen, direktør for Innovasjon Norge i Hordaland, fortel at finanserin­ga er gjeve etter vurdering av risikoen til prosjektet, potensial og gjennomfør­ingsevne.

– Folgefonna Velkomstse­nter og den auka tilstrøymi­nga av turistar til Fonna kan ha positive ringverkna­dar for både lokalt og regionalt næringsliv, og sysselsett­ing. Det er ei spennande reiselivsu­tvikling i heile regionen, både det som skjer i Folgefonna og ved Trolltunga, seier ho.

Sparebanke­n vest bidreg på si side med tre millionar kroner i lån.

Vil verta heilårsdes­tinasjon

Med det nye senteret ser initiativt­akarane føre seg heilårsdri­ft. Normalt varer sesongen på Fonna frå mars-april til september-oktober.

Bilvegen frå Krossdalen og opp til skisentere­t er både gammal og spektakulæ­r, og ikkje særleg eigna vinterstid.

– Då kan det vera aktuelt å bruka tråkkemask­in, og å tilby aktiviteta­r som både catskiing og breturar med breførarla­get. Events og skreddarsy­dde opplegg for turistar er òg noko me ønskjer å utvikla, seier Skogseth.

Han rosar Jondal kommune i prosjektut­viklinga.

– Dei har vore ein god og viktig støttespel­ar, seier Skogseth.

Spetalen er oppteken av å veksa organisk, men òg å satsa når det trengst.

– Me har gått små steg, men no gjer me eit kvantesteg, seier han.

 ?? ILLUSTRASJ­ON: VISITFONNA ?? NYTT: Initiativt­akarane håpar å auka talet på skidøgn frå 27.000 til 50.000 på fire år.
ILLUSTRASJ­ON: VISITFONNA NYTT: Initiativt­akarane håpar å auka talet på skidøgn frå 27.000 til 50.000 på fire år.
 ?? FOTO: VISITFONNA ?? GAMMALT: Slik ser velkomstom­rådet ut i dag.
FOTO: VISITFONNA GAMMALT: Slik ser velkomstom­rådet ut i dag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway