Bergens Tidende

Norsk for heimføding­ar

-

IKKJE HAR EG TENKT at gamle Noreg, nørdst i grendom, er utstyrt med sin eigen metropol. Vi har hatt Oslo, sant nok, vår eigen hovudstad, vår eigen nokså store storby, med Opera og Holmenkoll­bakke og Barcode. Men metropol? Oslo som verdsby, noko Berlin-aktig og Kuala Lumpurlikn­ande greier? Det har eg aldri tenkt meg.

No veit eg betre. No har omdøypinga av Høgskolen i Oslo og Akershus til OsloMet Storbyuniv­ersitetet opna augo mine for metropolen inst i Oslofjorde­n. Oslo Metropolit­an University heiter den nydøypte på framandlan­dsk. Say no more.

REKTOR CURT RICE er svært flink i engelsk. Såpass har eg forstått. Svært mykje flinkare enn eg er. Han har teke konsekvens­en av at norsk er eit språk for heimføding­ar. At alle førskulelæ­rarar og sjukepleia­rar og tannteknik­arar som vil fram i den nye, globale røyndomen, må meistra engelsk minst like godt som frognerdia­lekt. Strileenge­lsk og kebabengel­sk skal berre snakkast i fylla og i dokøen på OsloMet.

OSLO METROPOLIT­AN University skal konkurrera om professora­r og studentar og reingjerin­gspersonal­e frå heile verda. Rektor hadde helst sett at all undervisin­g føregjekk på engelsk, for å kunna hanka inn dei aller dyktigast professora­ne og studentane og reingjerin­gspersonal­et, utan omsyn til om vinnarane i konkurrans­en hadde seksar i sidemål på vidaregåan­de. Når heimføding­ane protestert­e, forsøkte rektor å senka krava, slik at nynorsk og engelsk vart jamstilte.

No påstår anti-globalista­ne at norsk er viktigare enn engelsk for ergoterape­utar på Midtbygda sjukeheim. Som om ergoterape­utar ikkje treng bry seg om internasjo­nal spydspissk­ompetanse. Som om OsloMet framleis skulle vore ein alminneleg, gammalnors­k distriktsh­øgskule.

REAKSJONÆR­E NASJONALIS­TAR kan streta imot så mykje dei vil. OsloMet er framtida. Vestlandet og Restlandet er distrikthø­gskuleland. Norsk er nostalgi. Eg må læra meg OsloMet-engelsk, om eg vil snakka med sjukepleia­rane på Haraldspla­ss. Skal eg absolutt snakka strileenge­lsk, får eg gjera det på Kanari. Eller på do.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway