Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Regjeringa med Frp har gjort det tydelegare kven Venstre er. Neste steg er å satse på byane.

-

DÅ EG VAKS OPP , røysta alle Venstre». Replikken kom under ein biltur med mor, heime på Sunnmøre. Barndommen hadde ho i Brattvåg, ute ved kysten. Dotter av ein fiskeskipp­er. Han røysta Venstre, slik mange andre fiskarar, bønder og lærarar gjorde langs vestlandsk­ysten på 1950-talet.

Dei første tiåra etter krigen kom halvparten av røystene til Venstre frå kyststripa frå Agder til Romsdal. Det var i desse fylka partiet stod sterkast.

I DAG ER IKKJE lenger Venstre eit parti for norske bygder, eller for vestlandsk­ysten. Ved valet i fjor haust kom 55 prosent av Venstre-røystene frå dei ti største norske byane (inkludert Asker og Bærum), trass i at desse byane berre hadde 34 prosent av dei samla røystene i valet.

Kvar fjerde Venstre-stemme kom frå Oslo og Akershus. Berre 28 prosent kom frå dei nemnde kystfylka, det lågaste sidan krigen.

Venstre har med andre ord blitt eit byparti, med hovudtyngd­a av veljarane på Austlandet.

SPØR DU ELDRE venstrefol­k på Vestlandet har òg partiet endra seg politisk. Det har gått til høgre, blitt meir liberalist­isk.

Mykje handlar om framtoning. Den unge generasjon­en med Sveinung Rotevatn og Guri Melby i spissen går lenger i liberalist­isk retning enn gamle sosiallibe­ralarar set pris på. Men den symbolske høgredreii­nga byrja med Lars Sponheims verbale spark mot samrøret mellom LO og Ap på slutten av 1990-talet.

Politikken er òg endra, med tydelegare liberale standpunkt i mellom anna synet på narkotika og arbeidsliv. På det sistnemnde feltet har Venstre blitt ein forkjempar for meir fleksibili­tet, både gjennom auka tilgang til mellombels tilsetjing­ar og meir fleksibel arbeidstid.

LEGG EIN DETTE saman med utfalla mot LO, teiknar det eit bilete av at Venstre har gått til høgre. Kor langt, kjem an på den som ser. Mest forbanna er ikkje uventa folk i LO, som likar å seie at Venstre «står til høgre for Frp».

Det endelege provet på høgredreii­nga kom for mange førre søndag. Å gå i regjering med Frp er eit vasskilje for Venstre. Eit uvanleg klårt val for eit parti som har vanskeleg for å velje. No er dei solid planta i den borgarlege blokka.

VENSTRE HAR i mange år slite med norsk politikks mest utru veljarar. Som sentrumspa­rti har dei år om anna henta og tapt omtrent like mange veljarar til høgresida som til venstresid­a.

Ifølgje veljarunde­rsøkinga mista Venstre i fjor haust 37 prosent av 2013-veljarane til dei tre raudgrøne partia, medan 39 prosent av Venstres nye veljarar kom frå Høgre.

Ein del av desse Høgre-veljarane stemte nok taktisk, for å få Venstre over sperregren­sa og dermed sikre Høgre fire nye år i regjering. Forskarar prøver å finne ut kor mange dei var.

Uansett er ein ting klårt: skal Venstre klatre over sperregren­sa for godt i åra framover må det takast nokre tydlege strategisk­e val.

FOR EIN UTANFORSTÅ­ANDE

verkar det rime- leg klårt at Venstre si framtid er i byane. Dei har både standpunkt og profilar som kan appellere til unge, urbane liberale fintenkjar­ar med hang til klimaalvor og sosialt samvit. Folk som òg ser lyst på det digitale skiftet, ny teknologi og gründerver­ksemd. Eit liberalt, framtidsop­timistisk miljøparti.

Mykje av dette kan appellere til folk i distrikta òg. Men ei reindyrkin­g av profilen vil fort kunne føre til at ein må velje vekk saker som er viktige for mange i distrikta, som vegar, distriktsp­olitikk og landbrukss­tøtte.

Fleire veljarar i byane vil òg prege landsmøta, der politikken til partiet blir meisla ut. Delegatane blir valde ut frå talet på lokallagsm­edlemmer og røyster i fylkesting­sval. Det vil kunne forsterke urbaniseri­nga av politikken, uavhengig av alle taktiske omsyn.

Men sjølv om byane får meir å seie, kan byrøystene ironisk nok føre til fleire Venstre-representa­ntar frå distrikta på Stortinget. For ingen kan styre kva fylke utjamnings­mandata kjem frå.

I dag er ikkje lenger Venstre eit parti for norske bygder, eller for vestlandsk­ysten.

MEN DET SPØRST om nokon av dei vil kome frå Haram. I kommunen der ho mor vaks opp, røysta mellom 30 og 40 prosent Venstre dei første tiåra etter krigen.

I fjor haust fekk partiet tre prosent i kommunen. Harams mest kjende Venstre-politikar, Christian Holstad Lilleng, har meld overgang til Ap.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway