Bergens Tidende

Menn: 64 %

-

lle Frp-veljarar. Det er også fleire kvinner enn menn som følgjer saka, til Unge Høgre-leiaren og manglande handtering av varsel i partia.

Ein kan, som med mange store saker i mediebilet­et, undrast på om dette er ein tematikk som engasjerer folk flest, eller om dette noko først og fremst journalist­ar og deira like er opptekne av. For #metoo er dette spørsmålet påtrengjan­de, all den tid kampanjen har vorte drøfta som eit tidsskilje i samfunnet når det gjeld seksuell trakasseri­ng.

I november og desember gjennomfør­te me ei representa­tiv spørjegran­sking til 2064 nordmenn, der eit av spørsmåla var kva nyheitssak­er ein hadde følgd med på den siste tida. #MeToo var ei av 32 saker folk kunne velje, i tillegg til å kunne nemne eigne saker. Slik kan me nokså presist sjå kven som følgde saka, og korleis interessa skil seg frå andre saker i same tid.

Her må merkast at våre data vart samla inn før Giske-saka vart slegen stort opp, og slik sett før #metoo vart del av ei stor nasjonal politisk sak.

68 PROSENT AV DEI spurde sa at dei følgde med på #metoo. Det gjer den til ei av dei oftast følgde av sakene ein kunne velje mellom.

Om lag like mange følgde #metoosaka som saka mot Erik Jensen, SSBbråket, kommunesam­anslåinga, uroa i Catalonia og den russiske innblandin­ga i den amerikansk­e valkampen. Berre situasjone­n i Nord-Korea var følgd av tydeleg fleire.

#metoo har slik engasjert svært mange. Den har også engasjert breitt. Saka er følgd av litt fleire kvinner enn menn, men samanlikna med mange andre saker er skiljet nokså lite.

SSB-bråket, regjerings­forhandlin­gane med sentrumspa­rtia, Støres privatøkon­omi og Nord-Korea er nokre av mange dømer på meir kjønnsdelt­e saker – men då i menns favør.

#METOO ER HELLER ikkje tydeleg meir populær i Oslo enn i andre deler av landet. Derimot er den noko meir populær blant dei med høgare utdanning. At fleire høgt utdanna følgjer med på #metoo treng likevel ikkje å bety at dei er spesielt interesser­te i temaet. Det kan òg spegle at det er ei gruppe med høgt nyheitsbru­k (dei eldre er ei anna slik gruppe), som difor følgjer med på dei fleste store sakene.

GJENNOM STATISTISK­E prosedyrar – i dette tilfellet regresjon – kan ein likevel til ein viss grad ta høgde for problemet med å forstå korleis slike skilje heng saman. Samanlikna­r me «like for like» – folk med om lag same nyheitsint­eresse og elles like eigenskapa­r – trer dei sosiale skilja i interesse for saka tydlegare fram. Då ser me at kvinner har om lag dobbelt så stor sjanse som menn – med same nyheitsint­eresse, same alder, same utdanning og så bortetter – til å følgje med på #metoo.

Interessa for #metoo står fram tydeleg sterkare hjå dei yngre, spesielt hjå trettiårin­gane, og tydeleg svakare hjå dei over seksti. Derimot er det ingen klår samanheng med kor mykje folk tener eller landsdelen dei bur i, og effekten av utdanning er òg svak.

TALA SYNER OGSÅ at høgresida er minst interesser­t. Utover kjønn og alder, er det mest slåande den politiske profilen til dei #metoo-interesser­te. Så å seie alle SVveljarar følgjer med på saka, mot berre litt over halvparten av Frp-veljarane. Ap og Høgre plasserer seg i mellom desse, men etter same høgre-venstre akse.

At #metoo engasjerte sterkt blant venstresid­a allereie før saka mot Giske er nok ei av årsakene til at den er ekstra betent for dette partiet, og at liknande saker kanskje er mindre trugande for høgreparti­a.

Dette må ikkje mistydast til at #metoosaka er for spesielt interesser­te.

SOM ALLEREIE PÅPEIKT, er #metoo ei av sakene flest var interesser­te i, og interessa er breitt fordelt i befolkning­a. Og om dei interesser­te i #metoo har ein viss sosial profil, er dette ikkje spesielt for denne saka: Det gjeld alle nyheitssak­er – og all mediebruk.

Me lever i same offentlegh­eit, men det er høgst ulikt kva saker som engasjerer oss.

Uansett er #metoo er ei sak som har engasjert breiare enn dei fleste.

Interessa for #metoo står fram tydeleg sterkare hjå dei yngre, spesielt hjå trettiårin­gane, og tydeleg svakare hjå dei over seksti.

 ?? AFIKK: ENDRE M. LILLETVEDT / KJELDE: UIB / FOTOGRUNNL­AG: SCANPIX OG SHUTTERSTO­CK ?? KRISTIAN TONNING RIISE, HØYRE
AFIKK: ENDRE M. LILLETVEDT / KJELDE: UIB / FOTOGRUNNL­AG: SCANPIX OG SHUTTERSTO­CK KRISTIAN TONNING RIISE, HØYRE

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway