Bergens Tidende

Blir du freista av denne framsida?

-

Kan hende er det med hårete kroppar som med skj-lyden. Det kan vere taktisk klokt å skåne dei ferskaste lesarane for dei.

PÅ DENNE FRAMSIDA ser nokon ein gut som forskrekka betraktar ein mann midt i stupet. Spanande!

Andre ser ein veslevakse­n unge ved sida av ei vaksen rumpe i raud badebukse på veg ned i vatnet. Ekkelt!

DEI TRE BØKENE som Anna R. Folkestad frå Stord til no har laga for dei aller ferskaste lesarane, gjer eit poeng av at kroppar kjem med hår på brystet, rynkar og alskens flaue greier.

Eg skjøner motviljen mot å teikne for fint, som om alle menneske er vekebladva­kre. Då kan bileta gli for glatt forbi, utan at lesarane stoppar opp og verkeleg ser dei. Eg kan òg skjøne trongen til å bruke dempa fargar frå ein slags anti-Disney-palett.

Det er viktig å vise at biletbøker er noko heilt anna enn kommers animasjons­film.

MEN DET ALLER VIKTIGASTE i ei lesetrenin­gsbok, er at ho heile tida gir lyst til å lese vidare. Lysta må vere sterk nok til å overvinne alle vanskar med stavinga.

Like sjølvsagt som Folkestad unngår skj-lyden, kunne ho unngått slikt som kan virke flautt for sarte sjeler. Skal ein utfordre pripne haldningar til kropp, er ikkje rette staden ei bok der motivasjon er så avgjerande. MEN DESSE BILETA gir i alle fall ein komisk distanse til historia. «Stupe-Stig» er dermed meir ei bok for barn som likar vitsar enn for dei som les av medkjensle.

Dette er boka for dei som tenkjer at desse to karikerte typane er akkurat så barnslege og rare at no kan kva som helst hende. For det gjer det. Rekkja av actionfylt­e hendingar i denne boka er så full av ville – og vilkårlege – innfall, at ho både toler og treng å bli lese fleire gongar.

Det handlar om onkelen til Knut. Onkel Stig likar å vere best, men har openbert ei overdriven tru på eigne evner.

I DENNE SJANGEREN

er det ein stor fordel å meistre både tekst og teikning. Folkestad er med på å utvikle lettlestbø­ker til ei spesialgre­in for dei som veit å fortelje mest mogeleg med færrast mogeleg ord.

Frå «Tanntrøbbe­l» via «Krabbekris­e» til «Stupe-Stig» utnyttar ho samspelet mellom ord og bilete betre og betre.

«Å lage drake er dritlett,» seier onkel Stig. I illustrasj­onen ser vi at draken hans langt ifrå er like fin som draken til Knut.

Bileta fortel tvert imot om ein onkel som innser at han aldri vil få draken sin opp å fly slik Knut alt har fått til. I smug trampar han sin eigen i stykke.

Folkestad lèt teksten motseie

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway