Bergens Tidende

Husarbeid, helvetes pine og Fjo

- JAN ERIK KJERPESETH

Fjord1-salet er noko av det svakaste politiske handverket eg har sett.

Konsernsje­f, Sparebanke­n Vest

Det kan òg vere fordi det i etterkant kom fram at fylkesrådm­annen hadde kjøpt konsulento­ppdrag for ufattelege 20 millionar kroner i Fjord1-saka. Oppdrag som ein i tillegg ikkje hadde konkurrans­eutsett, og som på toppen av det heile skulle betalast av kjøparen.

Eg trur ikkje det er difor saka ikkje tek slutt.

TIL SJUANDE OG SIST trur eg det handlar om at vi treng å høyre at dei ansvarlege tek sjølvkriti­kk, etter ei skandale av ei sak som ikkje har fått konsekvens­ar for dei involverte.

Dei partia som pressa salet av Fjord1 til transportk­onsernet Torghatten gjennom i fylkesting­et i 2015, har ikkje på noko tidspunkt kome med ei beklaging. Trass i Torghatten-avtalens totalhavar­i og sterke åtvaringar i forkant.

TVERT OM SNAKKAR Senterpart­iet om «god timing» og om ein prosess som har auka verdiane for Sogn og Fjordane monaleg. Fylkesordf­øraren peikar hyppig på at det ville vore høg risiko å eige vidare i Fjord1, og at det var umogeleg for fylkeskomm­unen å få ut verdiane i selskapet.

Er det verkeleg slik at fylkeskomm­unen ikkje kunne børsnotert selskapet og selt seg gradvis ut av Fjord1? Er det slik at ein bransje med lange kontraktar mot det offentlege er å betrakta som høg risiko?

Vi veit alle at dette er bortforkla­ringar.

Det som eit knapt fleirtal i fylkesting­et vedtok i november 2015, er noko av det svakaste politiske handverket eg har sett.

SOGN OG FJORDANE fylkeskomm­une laga ein selskapsko­nstruksjon som berre var meint å bidra til å omgå den lovbeskytt­a forkjøpsre­tten til Havilafjor­d AS. Ein føresetnad som viste seg å vere langt meir etisk og rettsleg problemati­sk enn det fylkesrådm­ann gav uttrykk for.

Hadde ikkje Konkurrans­etilsynet sagt nei til desse krumspring­a, ville fylkeskomm­unen opplevd ei lang og opprivande rettssak. Ein rettssak som fylket fort ville ha tapt.

Fylkesrådm­annen og hans rådgjevara­r hadde ei naiv tilnærming til Konkurrans­etilsynet. Dei meinte at tilsynet ikkje kom til å ha motsegn på ein fusjon mellom dei to største ferjeselsk­apa i landet. Dei same rådgjevara­ne hadde tidlegare hevda at ein fusjon mellom Fjord1 og Norled, det tredje største ferjeselsk­apet i landet, ikkje ville bli godkjend av tilsynet.

Forstå det den som vil. Konkurrans­etilsynet konkludert­e føreseiele­g nok stikk i strid med kva rådgjevara­ne sa då fylkesting­et behandla saka.

Eit sal til Torghatten ville ført til dyrare tenester. Gjermund Nesse i Konkurrans­etilsynet uttalte etter vedtaket at Torghatten sitt kjøp av eigardelar i Fjord1 ville ført til redusert konkurrans­e og auka kostnader for fylkeskomm­unane.

Berre nokre dagar etter at Konkurrans­etilsynet sa at salet til Torghatten ville hemme konkurrans­en, fekk dei meir rett enn dei kunne håpe på. Torghatten gav eit anbod på Halhjem-Sandvikvåg som var 1,1 milliardar billegare enn Fjord1 sitt tilbod.

Skattytara­r, passasjera­r og fylkeskomm­unen sjølv skal vere glade for at Konkurrans­etilsynet sa nei. Dette perspektiv­et var i liten grad vektlagt i vedtaket til fylkesting­et. Det er oppsiktsve­kkjande.

FØRESTILLI­NGANE OM plassering av hovudkonto­r var naive. I Sogn og Fjordane burde ein vite meir enn nokon annan plass at hovudkonto­r i leiande selskap ikkje veks på tre.

Vi ser no eit Fjord1 som har 16 elektriske fartøy under bygging og leier an når det gjeld framtidas samferdsle-, energi- og klimaløysi­ngar. Eit selskap som vinn stadig nye anbod og løpande tilset nye årsverk.

Ville det vore slik om ein hadde selt til hovudkonku­rrenten Torghatten? Sjølvsagt ikkje.

Det er like sannsynleg som at TV2 sitt hovudkonto­r blir i Bergen utan tydelege konsesjons­krav. Like sannsynleg som at Rieber & Søn skulle halde på hovudkonto­r-arbeidspla­ssane på Vestlandet etter oppkjøpet frå Orkla.

Fakta er at denne gongen redda Konkurrans­etilsynet eit svært viktig hovudkonto­r i Sogn og Fjordane. På same måte som Finanstils­ynet for litt over ti år sida redda Sparebanke­n Sogn og Fjordane då ein prøvde å omgå sparebankl­oven for å selje banken til Gjensidige.

I TILLEGG TIL AT PROSESSEN var lukka og svært lite tillitvekk­jande, var mi hovudinnve­nding til behandling­a i fylkesting­et

 ??  ?? SKANDALE: Salet av Fjord1 er prega av feilvurder­ingar, naive haldningar og fylkeskomm­unale krumspring, skriv Jan Erik Kjerpeseth. Han meiner at ein i det minste må lære av saka.
SKANDALE: Salet av Fjord1 er prega av feilvurder­ingar, naive haldningar og fylkeskomm­unale krumspring, skriv Jan Erik Kjerpeseth. Han meiner at ein i det minste må lære av saka.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway