Bergens Tidende

Holocaust i Polen

Regimet i Polen tek konsekvent landet i feil retning. Vedtaket om å forby ytringar om polsk medverknad i Holocaust er tragisk.

-

IPOLEN HELD makthavara­ne fram med å innskrenke fridomen til folket. Torsdag i førre veke vedtok det polske senatet at det ikkje lenger er lov å skulde den polske nasjonen for å ha vore medskuldig­e i jødeutrydj­inga eller andre kriminelle handlingar under 2. verdskrig. Straffa blir tre års fengsel, når president Andrzej Duda venteleg skriv under på vedtaket.

Som åtak på ytringsfri­domen følgjer vedtaket ei deprimeran­de politisk linje dei siste åra. Mellom anna har regjeringa sikra seg kontroll over statlege medium, sparka opponentar i politi og militæret og lagt press på ytrings- og pressefrid­omen i landet.

Før jul sette EU i gang ein prosess som kan ende med at Polen mister stemmerett­en i EU. Prosessen kom i stand etter at den polske regjeringa innførte lover som gjev politikara­ne meir makt over utnemninga­r og avsetjinga­r av dommarar.

HOLOCAUST-VEDTAKET

i førre veke er ikkje berre eit åtak på ytringsfri­domen, men òg eit frieri til sterke nasjonalis­tiske strøyminga­r i det polske folket. Grunngjevi­nga, at mange utanfor Polen feilaktig snakkar om dei tyske konsentras­jonsleiare­n i Polen som «polske», er tynn.

Mange av dei mest illgjetne konsentras­jonsleiran­e, som Auschwitz, Birkenau og Treblinka, låg i Polen. Men ingen kan skulde polakkane for å ha oppretta og drive dei. Det stod tyskarane for sjølve. Men Polen hadde sine medløparar, som dei fleste andre land. Å forby nokon å seie det, er absurd.

Ein kan godt forstå at polakkane er kjenslevar­e for skuldingar om illgjernin­gar under 2. verdskrig. Det polske folket vart sjølv utsett for forferdele­ge overgrep og massedrap, frå både tyske og sovjetiske styrkar. I båe tilfelle hadde dei òg god grunn til å føle seg svikta av vestmakten­e.

Men å forby eit offentleg ordskifte om polske overgrep er ikkje til hjelp. Forbodet er i seg sjølv langt meir øydeleggja­nde for Polens internasjo­nale rykte, enn at nokon ikkje er klåre nok i å seie at konsentras­jonsleiran­e i Polen var tyske, ikkje polske.

Utviklinga av ein stadig meir autoritær og antidemokr­atisk nasjonalis­me i Aust-Europa er farleg.

LOGIKKEN I Å forby ytringar ein ikkje likar, for å styrke det nasjonale sjølvbilet­et, peikar tilbake til kommunistt­ida. Også her har det vore ein revisjonis­me i fleire austeurope­iske land dei siste åra, der gamle autoritære tradisjona­r får ein ny vår i eit roseraudt nostalgisk lys.

Utviklinga av ein stadig meir autoritær og antidemokr­atisk nasjonalis­me i Aust-Europa er farleg, òg for stabilitet­en i Europa. Difor bør òg den norske regjeringa no markere tydeleg motstand mot det som skjer.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway