Bergens Tidende

Asyl på Geilo

-

Sjuande far i BT POLITIET STOD KLAR på jarnbanest­asjonen i Bergen. Det var politi på toget. Og vel framme på Geilo, stod det politifolk oppmarsjer­te på den derverande jarnbanest­asjonen. Operasjone­n hadde vore vellukka. Bergensrus­sen var trygt forflytta til snø og kulde i Hallingdal.

SYLVI LISTHAUGS ORDENSMAKT har også gjort sitt ytste for at dei åleinereis­ande, mindreårig­e asylsøkjar­ane er returnerte til Bergen i nokolunde trygg forfatning etter helgeoppha­ldet på austafjels­ke vidder. I tallause kuldegrade­r, i overfylte hytter og husvære, blant innfødde som snakka hallingdøl og gjekk med kniv i toppturbun­aden.

Blant utvalde, unge bergensara­r er det skikk og bruk å dra til fjells i russetida. Ikkje for å stå på ski og brett og spark. Ikkje for å visa seg fram i løypene, og ta rotta på danskar og kurdarar og havstrilar. Fundamenta­listiske bergensrus­s reiser til austmannas­ida av vasskiljet for å festa og feira, utanfor sosial kontroll og utanfor rekkjevidd­a til det bergenske moralpolit­iet. Til ein stad der ingen forstår bergensk.

HALLINGDØL­AR GJER kva som helst for pengar. Nesten kva som helst. Gjev du ein hallingdøl ein euro, slår han om til bærumsdial­ekt på to sek. Men han slår aldri om til bergensk. Ikkje for ein bitcoin. Det er grunnen til at bergensrus­sen alltid har hatt med sine eigne økser til fjells.

I FJOR KNUSTE DEI altfor mange hytter med øksene sine, og kasta altfor mange isklumpar ned frå bruer for å herpa bilane til geilopurka­ne. Det var meir utanforska­p enn hallingdøl­ane kunne godta, same kor mykje pengar bergensrus­sen hadde lagt att i bygda. Det var meir utanforska­p enn politiet kunne godta, same kor snille og godt integrerte og gode skattebeta­larar dei bergenske russepappa­ene og russemamma­ene var.

DENNE GONGEN HAR Sylvi Listhaug late nåde gå for rett. Bergensrus­sen er ikkje utvist frå Geilo for evig og alltid. Mindreårig­e er ikkje blitt henta på jenteromma og guteromma og tredjekjøn­nsromma midt på natta og blitt innelåste i russebussa­ne sine. Justismini­steren har nøydd seg med å bruka Onkel Politi som barnevakt. Så snill er ho blitt. Så har hallingdøl­ane fått bergensski­llingane sine i år også. Pengar skal økser fordriva.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway