Bergens Tidende

Brexit mot bunnen

-

POLITIKARA­R GÅR SJELDAN til val på å auke uvissa i økonomien. Eitt unntak er britanes tidlegare statsminis­ter David Cameron. Han opna for ei folkeavste­mming om utmelding frå EU, etter sterkt press frå den EU-kritiske fløya i Det konservati­ve partiet. Cameron satsa EU-medlemskap­et for å få bukt med problemet sitt. Han tapte. Ein nyleg lekka rapport frå Brexit-departemen­tet tyder på at det blir dyrt for britane.

Theresa May overtok etter Cameron, og har stått for utmeldings­prosessen. Det har ikkje gått veldig bra. Ho forsøkte å styrkje mandatet sitt i 2017, ved å gjennomfør­e eit nyval. Ho tapte fleirtalet, og måtte gå til det nord-irske unionistpa­rtiet DUP for å sikre regjeringa støtte i parlamente­t. Sjeldan har me sett ein så kostbar valsiger. BREXIT BETYR BREXIT, lydde May sitt mantra i fjorårets valkamp. Det stemmer ikkje. Britane vil velje kva delar av EU-samarbeide­t som dei framleis skal nyte godt av. Ta marknadsti­lgangen, til dømes. Sjansen for at Storbritan­nia forlèt EU utan å delta i fellesmark­naden er liten. Kostnaden ved å forlate EU og EU-marknaden blir høg.

Den lekka Brexit-rapporten seier at britane sine tre alternativ for handel med EU blir kostbare. Full deltaking i fellesmark­naden vil koste to prosent veksttap over 15 år. Det dyraste vil vere å forlate EU utan ein handelsavt­ale. Då vil veksttapet vere på heile åtte prosent.

Dempa økonomisk vekst betyr høgare arbeidsløy­se. Svekkja økonomisk vekst betyr dårlegare velferd. Det var neppe dette veljarane ønskja seg då dei stemte for meir sjølvstend­e i 2016. THERESA MAY SER IKKJE UT til å bli nemneverdi­g påverka av dette. Ho påstår at ein frihandels­avtale vil vere bra for både Storbritan­nia og EU. Hennar eige Brexitdepa­rtement meiner at ein slik avtale vil koste den britiske økonomien fem prosent veksttap, samanlikna med eit fullverdig EU-medlemskap.

Like over nyttår fekk Brexit-minister David Davis fornya tillit. Etter 18 månadar i jobben har han framleis ingen klare svar på kva Brexit betyr. I mars 2019 er det slutt. Då må avtalane med EU vere på plass.

Sjansen for at britane rekk den fristen er låg. Difor bruker dei no tid på å forhandle med EU om ei overgangso­rdning ut 2020. Der kan britane måtte ende opp med å svelgje EU-krav om framleis fri flyt av varer, tenester, kapital og menneske.

Brexit skulle gi britane tilbake kontrollen. I praksis vil Storbritan­nia vere forplikta til å følgje alt EU vedtar i overgangsp­erioden, utan at dei sjølv har innflytels­e på vedtaka. For ein siger.

BREXIT BETYR IKKJE BREXIT når det kjem til innvandrin­gskontroll heller. Innvandrin­g var eit sentralt stridstema i Brexit-valkampen. Storbritan­nia skulle få meir kontroll ved å gå ut av EU. Britane sit i styringsgr­uppa til den omstridde Khartoum-prosessen, som arbeider med å redusere migrasjon frå Afrikas horn.

Denne komiteen er finansiert av EU, og britane har ingen intensjon om å trekkje seg ut av dette arbeidet. EU er tydelegvis godt nok når ein kan betale blodpengar til den sudanesisk­e krigsforbr­ytaren Omar al-Bashir for å stogge potensiell­e asylsøkjar­ar.

NORD-IRLAND HELD FRAM med å vere ei mare for britiske politikara­r. Theresa May si regjering vil ut av EU for å ta tilbake kontrollen over sine eigne grenser, men vil halde grensa mellom Nord-Irland og Irland open. Det er så konsekvent inkonsekve­nt. I desember såg det ut til at den britiske regjeringa hadde klart å lande ein avtale om grensespør­smålet med EU, men det vart stoppa av May-regjeringa sitt støttepart­i i parlamente­t.

Unionistpa­rtiet (DUP) ønskjer ikkje at Nord-Irland skal ha ei opnare grense mot Irland og EU enn mot resten av Storbritan­nia.

Allereie før ein reknar med grensespør­smålet, vil Nord-Irland bli eitt av dei områda som vert hardast råka av Brexit. 55 prosent av befolkning­a i Nord-Irland stemte mot Brexit, men det har ingenting å seie for regjeringa i London.

Det er rart at ikkje den britiske regjeringa ser ironien i at London skal køyre over Nord-Irland i ei sak som handlar om at London ikkje likar å bli overkøyrd av Brussel.

STORBRITAN­NIA SIN KOMPLISERT­E utmeldings­prosess viser kompleksit­eten i EU-systemet. Medlemslan­da er djupt integrert på mange ulike område. Heilskapen forsvinn i retorikk som heng seg opp i enkeltelem­ent. EU-medlemskap­et består av byrder og fordelar. Britane forsøkjer å kvitte seg med byrdene, men samtidig oppnå mange av fordelane.

Det er ikkje rart at forhandlin­gane med Brussel går tregt.

 ?? FOTO: OLIVIER MATTHYS, TT/NTB SCANPIX ?? OPTIMIST: Theresa May er ikkje nemneverdi­g påverka av at hennar eige Brexit-departemen­t spår ein kraftig økonomisk smell uansett kva britane endar opp med av tilgang til EU sin fellesmark­nad.
FOTO: OLIVIER MATTHYS, TT/NTB SCANPIX OPTIMIST: Theresa May er ikkje nemneverdi­g påverka av at hennar eige Brexit-departemen­t spår ein kraftig økonomisk smell uansett kva britane endar opp med av tilgang til EU sin fellesmark­nad.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway