Bergens Tidende

Betring kan ha mange ulike årsaker

- GEIR FLATABØ

Bergen burde dei truleg stilla fleire kritiske spørsmål. Avisa kunne til dømes teke med kostnadene, som belyser at ei slik tilnaermin­g er langt rimelegare. Diett som behandling ved autisme kan spare samfunnet for millionar av kroner i kostnader til hjelpepers­onell.

Kontaktann­onsen ville blitt dobbelt så lang om BT skulle gått i detalj, og ville blitt mindre leseverdig. BT kan jo følgje opp om det er stor interesse for det om detaljar. Det er ikkje meir enn ein kan vente av ei respektabe­l vestlandsa­vis, jamfør Nilssen og Ådnanes.

Spørsmålet om i «kva grad kan oppleggene forsvarast etisk, med tanke på eventuell tvang mot personar som ikkje sjølv kan gjere greie for sine smerter eller sine ønske og behov?» er saerleg interessan­t i desse dagar, då avsløringa­r om ulovleg tvangsbruk innan psykiatris­ke sjukehus på nytt kjem for ein dag.

ETTER KVART HAR verda forstått at autisme kjem i ulike former, og utviklar seg på ulike måtar. Alle er ikkje slik Leo Kanner i USA, og Hans Asperger i Austerrike skildra dei på 1940-talet. Kan hende har dei aldri vore det, og kan hende er det grunnen til at aspergerva­rianten fjerna frå siste DSM, diagnosekl­assifiseri­nga frå Den amerikansk­e psykiaterf­orening.

Betring kan ha mange ulike årsaker, og kome som følgje av mange ulike behandling­ar. Men foreldre blir gjerne førespegla av spesialist­helsetenes­ta at ein ikkje kan forvente betring, fordi autisme er å rekna for ein medfødd arveleg tilstand, mogelegvis slik som cøliaki.

Sist, men ikkje minst, må eg takka BT for gratis fordekt kontaktann­onse og reklamepla­kat, med mange lause trådar og spørsmål som ventar på svar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway