Bergens Tidende

Straumbrot i Nei-flokken

-

DEI SISTE VEKENE har ordskiftet gått høgt om Noreg skal slutte seg til EUs energibyrå ACER. Kritikaran­e i Nei til EU, Sp, SV og venstresid­a i fagrørsla, meiner medlemskap­en vil gje EU makt til å tvinge på Noreg fleire utanlandsk­ablar og dermed høgare straumpris.

Dette er ei misforståi­ng. ACER (Agency of Cooperatio­n of Energy Regulators) er eit samarbeids­organ mellom dei som regulerer energimark­naden i dei ulike landa. ACER skal løyse tekniske tvistar og sørgje for ein meir effektivt energimark­nad.

ACER kan ikkje påleggje bygging av straumkabl­ar mellom Noreg og andre land. Den makta vil framleis liggje hjå Storting og regjering, noko både olje-og energimins­ter Terje Søviknes (Frp) og statsminis­ter Erna Solberg (H) har stadfesta.

ORDSKIFTET dei siste vekene tyder på at mange ikkje trur på desse forsikring­ane. Eit alternativ er då å høyre på dei som har noko å tape økonomisk på høgare straumpris­ar, som den kraftkrevj­ande tungindust­rien.

Deira bransjeorg­anisasjon, Norsk Industri, er positive til norsk ACERmedlem­skap. «Det er hevet over tvil at flere utenlandsk­abler vil føre til høyere priser, men ACER har ikke noe med det å gjøre», seier direktør Ole Børge Yttredal i Norsk Industris energi – og miljøavdel­ing til NRK.

Dei meiner det er betre å sitje rundt bordet i ACER og ha innverknad, enn berre å ta i mot det som kjem frå EU.

VISS EIN IKKJE vil akseptere direktiva frå EU må Noreg truleg melde seg ut av EØS-avtalen. Akkurat det er målet for mange av ACER-motstandar­ane. Å bryte handelsavt­alen med Noregs viktigaste eksportmar­knad på denne måten ville likevel vore langt meir øydeleggja­nde for norsk naeringsli­v og arbeidspla­ssar enn alskens utanlandsk­ablar.

Arbeidet som blir gjort i EU for å skape ein meir heilskaple­g og effektiv energimark­nad er svaert viktig for å møte klimautfor­dringane framover. Det skjer ein formidabel vekst av fornybar kraft, spesielt frå vind og sol. Ulempene med denne krafta er at produksjon­en varierer mykje. Difor er det svaert viktig at kraft kan fraktast enkelt og ubyråkrati­sk over heile kontinente­t.

ACER kan ikkje påleggje bygging av straumkabl­ar mellom Noreg og andre land.

NORSK VASSKRAFT kan spele ei viktig rolle i denne energimiks­en, som produsent når vindmøllen­e står stille og natta senkar seg over solcellepa­nela. Fleire utanrikska­blar kan difor vere ein god idé, men om det skal skje vil bli verande eit nasjonalt politisk spørsmål. Det er om dette det politiske ordskiftet bør gå. ACERdebatt­en er eit sidespor.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway