Bergens Tidende

Slik vart fjellet norsk

-

Eit ti år gammalt verk om fjellheime­n er gitt ut på nytt. Det har fått ny aktualitet, men kunne ha vore utvikla meir.

og det er forunderle­g at ikkje Slagstad nyttar sjansen til å vidareutvi­kla teksten meir etter ti år.

Når det er sagt, er tidspunkte­t svaert høveleg for ei nyutgiving. Den Norske Turistfore­ning (DNT) feirar i desse dagar 150-årsjubileu­m, og me har igjen fått ein debatt om kva som er kjernen i «det norske».

RUNE SLAGSTADS BOK handlar om korleis fjellet frå 1800-talet og fram til i dag er blitt ein sentral del av norsk identitet, og om menneska som gjorde at det vart slik. Dei var kunstmalar­ar, diktarar, fotografar, vitskapsme­nn, ingeniørar, vandrarar og klatrarar. I deira univers kompensert­e mektige norske fjelltoppa­r for mangelen på monument i granitt og bronse. Parallelt vart den romantiske førestelli­nga om sjølvstend­ige menneske i fri natur utvikla – Norge vart Nordens svar på Sveits.

Slagstad er på sitt aller beste når han viser korleis jubilanten Den Norske Turistfore­ning, i dag med om lag 300.000 medlemmer, frå første stund vart ein samlande berar av denne identitete­n. Knapt nokon organisasj­on har i større grad enn DNT samla menneske på tvers av kløfter i det norske samfunnet. EMBETSMENN OG BYBORGARAR i Kristiania dominerte organisasj­onen dei første åra, men det var også eit sterkt innslag frå det som Slagstad kallar «folkedanni­nga». Såleis vart den første årboka opna med eit dikt på landsmål av Aasmund Olavsson Vinje: «A! kjaere Bymann gakk ei stjur og stiv, men kom her upp og kjenn eit annat Liv!» Venstres sjefsideol­og Ernst Sars og den fremste motstandar­en hans blant historikar­ane, Høgres Yngvar Nielsen, møttest i ei felles dyrking av norsk fjellnatur. Sistnemnde var formann i DNT i 18 år og forfattar av «Reisehaand­bog for Norge», i ei årrekkje den viktigaste guiden for turistar her i landet.

Også arbeidarrø­rsla hadde sans for eit prosjekt som skulle gjera det lett og billeg å oppleva storslått natur. Endeleg appellerte DNT til nordmenns nøysame, lutherske moral med sin bodskap om at du må yta før du kan nyta, også i naturen. Organisasj­onen bygde dermed ein ideologisk himmel over friluftsli­vet som dei aller fleste nordmenn på ein eller annan måte kunne finna seg til rette under.

LIKEVEL VAR HELLER

ikkje fjellheime­n utan konfliktar. Mot den vaknande naturvernr­ørsla stod DNT for ei pragmatisk linje. Organisasj­onen sat med eigarretta­r som lenge stoppa utbygginga av Skjeggedal­sfossen og Tyssestren­gene ved Odda, men valde i 1920 å selja seg ut og nytta gevinsten til tiltak som gav meir turisme for pengane.

Mot den demokratis­ke tilrettele­gginga for fjellvandr­ing for alle stod ein meir eksklusiv tradisjon med røter tilbake til dei engelske alpinklubb­ane, som rekruttert­e dei første turistane til norske fjell tidleg på 1800-talet. Denne eliten dyrka fjellklatr­ing i trygg avstand frå dei vederstygg­elege t-merka løypene, men vart etter kvart ein minoritet også i klatremilj­øet.

«DEN FRIE BONDEN» som ifølgje identitets­myten skulle ha sin heim i den norske fjellnatur­en, stod lenge uforståand­e til den romantiske fjelldyrki­nga. Fjella var stygge og unyttige, sa bøndene til Vinje i hans «Ferdaminne» frå sommaren 1860. Engelskman­nen William Slingsby meinte fjellførar­en Knut Lykken var «lat og feig» då han ikkje ville vera med heilt til topps på Store Skagastøls­tind i 1876. Slagstad viser at det nok heller var snakk om ein kulturkoll­isjon. Valdrisen Lykken var ennå prega av bygdenorma om at ein ikkje skulle gå «aerendslau­s» på fjellet.

I dag er også fjellbonde­n stolt av naturen sin. Men ulvestride­n er eit aktuelt døme på at det framleis fort kan blussa opp konfliktar mellom by og land med bakgrunn i ulikt natursyn. Her kunne Slagstad hatt interessan­te refleksjon­ar å koma med i ein meir oppdatert versjon.

RUNE SLAGSTAD VISER også i denne boka sin skarpe sans for dei store liner, for forteljing­ane som har forma oss som nasjon. Han skriv presist og godt, men enkelt er det ikkje alltid å følgja han – Slagstad formulerer seg som den raffinerte intellektu­elle han er. Han gjer det også unødvendig krevjande med sine lange sitat frå 1800-talsskribe­ntar på dansk-norsk. Men for dei som vil forstå nordmenns forhold til fjellet, er Rune Slagstads arbeid frå 2008 framleis eit standardve­rk. Eit pluss er også at boka er rikt illustrert med mange klassiske maleri, teikningar og foto.

Bokanmelde­r

 ?? FOTO: KRISTIAN JACOBSEN ?? IKKJE NY:«Da fjellet ble dannet» er ikkje ei ny bok. Den er med små endringar identisk med 11 kapittel i Rune Slagstads verk «(Sporten). En idéhistori­sk studie», som kom i 2008.
FOTO: KRISTIAN JACOBSEN IKKJE NY:«Da fjellet ble dannet» er ikkje ei ny bok. Den er med små endringar identisk med 11 kapittel i Rune Slagstads verk «(Sporten). En idéhistori­sk studie», som kom i 2008.
 ??  ?? TOM HETLAND
TOM HETLAND

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway