Bergens Tidende

– Det er det største eg har vore med på

- ØYSTEIN VIK oystein.vik@bt.no foto RUNE SAEVIG

Fredag fekk Vinjar Slåtten sin OL-debut. Sjølv etter eit fall i kvalifiser­inga har han ikkje mista motet.

– Det gjekk ikkje så bra i dag. Det gjorde ikkje det, seier Vinjar Slåtten.

27-åringen frå Voss var ein av dei første ut under dei olympiske leikane i Pyeongchan­g.

Grytidleg om morgonen fredag norsk tid var han med på å tjuvstarta OL før opningsser­emonien var i gang. Nokre timar etter møtte han BT i OL-byen, like utanfor Olympiasta­dion i Pyeongchan­g.

– Å delta i OL er det største eg har vore med på som idrettsutø­var, utan tvil, sa Slåtten, ein time før han skulle gå inn under opningsser­emonien saman med resten av den norske troppen.

Datt etter hoppet

Men det er jo idretten han er her for, og under kvalifiser­inga fredag gjekk det ikkje som planlagd for Slåtten då han skulle ned kulekøyrin­gsbakken.

Vossingen hadde lenge eit fint driv, og han kom seg bra over det første hoppet. Men på det andre hoppet – like før mål – gjekk det galt. Slåtten mista balansen, og då han landa datt han.

– Alt gjekk bra fram til fem kuler før det siste hoppet. Eg mista balansen, kom bakpå og bomma. Det var kjedeleg, seier Slåtten.

Dei som følgde konkurrans­en på fjernsyn kunne sjå at Slåtten ytra eit ukvemsord eller to då han kom i mål.

– Det var så dumt å øydeleggja heile løpet. For resten var eigentleg bra, seier Slåtten.

Han har slite med å få ut sitt beste i konkurrans­ar i år.

– Fram til fallet gjekk alt veldig bra. Eg trur dette hadde vorte ein god prestasjon utan fallet, seier Slåtten.

Ny sjanse

Heldigvis for Slåtten får han ein ny sjanse måndag. Før finalane i kulekøyrin­g startar, er det ei ny kvalifiser­ing for dei som ikkje kvalifiser­te seg fredag.

– Eg må berre gjera det same som i dag, sett vekk frå fallet. Eg må køyra på det nivået eg veit eg har inne, og så løysa det når eg kjem på hoppet.

 ?? FOTO: ANDREAS HILLERGREN, TT ?? PÅ TRENING: Då Vinjar Slåtten trente, gjekk det veldig bra med han.
FOTO: ANDREAS HILLERGREN, TT PÅ TRENING: Då Vinjar Slåtten trente, gjekk det veldig bra med han.
 ??  ?? KJØRTE UT: Vinjar Slåtten køyrde ut under kvalifiser­inga fredag, men får ein ny sjanse måndag.
KJØRTE UT: Vinjar Slåtten køyrde ut under kvalifiser­inga fredag, men får ein ny sjanse måndag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway