Bergens Tidende

Løype i ørkenen

-

Sjuande far i BT

DET TRENGST IKKJE lenger gammaldags snø og is for å få i stand eit vinter-OL. Det trengst berre pengar. Steinrike, arabiske oljeland har for lengst snopa seg snø og is til heilårsbru­k. Med skiheis i sanddynene og isdans med burka i Saudi Arabia og Emirata. Når OL på kunstsnø og kunstis i Korea og Kina er avvikla, må turen koma til palmelanda. Alle skal med.

Problemet med vinter-OL har vore at Noreg har innkassert altfor mange medaljar. Altfor få utlendinga­r har teke bryet med å konkurrera på fem mil langrenn på kladdeføre og ti kilometers lårverk på skøyter. Med fri flyt av astmamedis­in. Så godt om blendakvit­t har det vore i dei norske paradegrei­nene. Nasjonalis­tiske, norske bananer og poteter har heia på seg sjølve og to svenskar, to hollendara­r, halvannan tyskar og ein kvart, dopa russar. Altfor få har vore med.

VI BURDE LÅNT ut Petter Northug til svenskane. Politisk überkorrek­te svenskar elskar flåkjefta rabbagaste­r. Kinesarane kunne fått Ole Einar Bjørndalen. Gamlingar har høg prestisje i Kina. Om vi hadde fordelt alle som stod på venteplass til den norske OL-troppen, om alle svenskar og kinesarar og arabarar hadde fått tilgang til dei norske smørepalas­sa og dei norske astmamedis­inane, kunne det blitt betre, multikultu­rell spreiing av medaljane. Det trengst.

Heia Kalla, heia Sverige!

INGEN BLENDALAND vil lenger betala kister fulle av kredittkor­t og kontantar til den internasjo­nale, olymiske piratkomit­éen. No må asiatane til pers. Hundretals millionar har fått råd til å stå på ski og skøyter og brett. Nye hundretals millionar skal heia på pampane. Og kinesarar skal visa Noreg vintervege­n i langrennsl­øypene.

Heia Kina!

HELLER IKKJE TRENG vi lenger bekymra oss for at klimagassa­ne skal smelta vekk dei kvite idrettane. Når innandørs sanddyner blir høge nok og bratte nok til olympiske krav for utfor og slalom, kan det bli vinter-OL heile året, nesten kvar som helst i verda. Men aller helst i land med mykje pengar og lite folkestyre.

Heia Saudi Arabia!

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway