Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Regionrefo­rma haltar seg fram til ei real maktspreii­ng. Viss politikara­ne vil.

-

REGIONREFO­RMA STARTA i feil ende. Samanslåin­gar vart diskutert og vedtatt før ein visste noko om kva oppgåver dei nye fylka skal jobbe med i framtida.

Då fylkespoli­tikarane diskuterte samanslåin­g i vest, slo dei fast at det var på vilkår om nye oppgåver frå staten.

Så kom namnedebat­ten. Den er viktig, for all del. Først no har diskusjone­n om fylkeskomm­unen sine oppgåver for alvor starta.

Fylket får nye oppgåver. Det verkar openbert, og det er fornuftig. Kor mykje veit me ikkje, då det er opp til Stortinget å bestemme. Samtidig forsøkjer fylka å ta oppgåver frå kommunane. Det er problemati­sk.

EKSPERTUTV­ALET FOR REGIONREFO­RMA la fram si innstillin­g 1. februar. Der foreslo dei å flytte ansvaret for 24 milliardar budsjettkr­oner frå staten til fylka. Naer 5000 tilsette ligg i den potten.

Forslaget legg til grunn dei oppgåvene fylket utfører i dag, og utvalet har forsøkt å fylle på med nye oppgåver innanfor dei same politikkom­råda. Viss utvalet får gjennomsla­g vil fylkeskomm­unen overta oppgåvene til Integrerin­gs- og mangfaldsd­irektorate­t (IMDi) og Barne-, ungdoms- og familieeta­ten (Bufetat).

Det er enormt. Fleire andre statlege etatar vert råka av dette, og det er berre bra. Meir av staten bør ut til lokale styresmakt­er. Naerare folk.

DET ER IKKJE LETT

å fordele oppgåver til verken fylke eller kommunar. Ein må ta utgangspun­kt i kva dei minste einingane kan klare av oppgåver.

Dagens Troms og Finnmark vil ha 240.000 innbyggjar­ar. Solund og Modalen har nokre hundretals innbyggjar­ar. Dei har heilt andre føresetnad­er enn Bergen med 280.000 innbyggjar­ar, og austlandsf­ylket Viken, med sine 1,15 millionar innbyggjar­ar.

Det finst knapt ei statleg oppgåve som Viken ikkje kan takle. Det blir brått verre når ein har fylke som er éin femtedel av storleiken.

Ekspertutv­alet har gjort ein god jobb. Det meste som står i rapporten bør gjennomfør­ast.

Regionrefo­rma hadde stått seg betre på ei regioninnd­eling der innbyggjar­talet vart litt jamnare fordelt. Den hadde stått seg betre på at ein diskuterte oppgåvene først. Då hadde me kanskje sett endå meir maktspreii­ng.

LOKALPOLIT­IKARANE HAR LIKEVEL ikkje ivra for ei reell flytting av makt frå staten og ut i landet. Dei ønskjer seg fleire oppgåver. Fleire utgiftspos­tar.

Det har ikkje vore eit uttrykt ønskje om å overta inntektssi­da til staten. Skatte- og avgiftsniv­ået burde kunne vere forskjelli­g rundt om i landet, alt etter kven som styrer og kva dei valte politikara­ne prioritere­r. I dag er det berre eigedomssk­atten kommunane kan styre sjølv.

Viss kommunane eller fylka hadde overtatt nokre skattar og avgifter, og bestemt nivået på dei sjølve, ville me fått eit meir reelt lokaldemok­rati. Når lokalmyndi­gheitene overtar utgiftspos­tar vil kommunane og fylka framleis vere utførarar av statleg politikk.

EKSPERTUTV­ALET MEINTE at dei kunne gjort ein betre jobb viss dei òg hadde fått leggje kommunale oppgåver i potten. Då kunne dei foreslått ei heilt ny organiseri­ng av oppgåvene i det offentlege Noreg.

Me skal vere glad for at akkurat det ikkje skjedde. Samtidig som me diskuterer overføring av makt frå stat til fylke, forsvarar kommunane seg og sine mynde mot eit stadig sterkare fylke.

HORDALAND FYLKESKOMM­UNE har vedtatt ein regional kystsonepl­an for elleve kommunar i Sunnhordla­nd og Ytre Hardanger. Føremålet er godt. Planen skal sikre at sjøarealet og strandsone­ne vert godt varetatt, samtidig som oppdrettsn­aeringa og maritim sektor får gode vilkår.

Kommunane protestere­r, og krev at saka skal opp til vurdering i Kommunalog moderniser­ingsdepart­ementet. Endå lenger vekk frå folk.

Ifølgje fylkeskomm­unen er planen rettleiand­e, ikkje bindande. Likevel inneheld den eit plankart med definerte arealsoner, og den er skriven på same måte som ein juridisk bindande arealplan.

Den inneheld konkrete avgrensing­ar, som at naustbygg ikkje skal vere større enn 40 kvadratmet­er.

KYSTSONEPL­ANEN GÅR LANGT inn på land. Ein ting er strandsone­ne, men heile Rosendal er lagt inn som eit verna landskapso­mråde. Skal ein forstå det slik at den tettstaden ikkje skal ha fleire «større, varige tekniske inngrep»?

Det står òg at planen skal vere «eit utgangspun­kt for motsegn frå regionale mynde.» Slikt skriv ein ikkje i ein rettleiand­e plan.

Regionale planar er meint å ta opp i seg spørsmål som dei enkelte kommunane ikkje kan løyse sjølv. Trafikkutv­iklinga i Bergen er til dømes avhengig av arealpolit­ikken i nabokommun­ane.

Fitjar, Austevoll og Tysnes klarar derimot fint å bestemme kor store naust dei vil ha. Kvinnherad må få bestemme om dei vil byggje eit nytt naeringsom­råde i kommunesen­teret sitt.

Det er ikkje lett å fordele oppgåver til verken fylke eller kommunar. Ein må ta utgangspun­kt i kva dei minste einingane kan klare av oppgåver.

NÅR EIN OVERFØRER OPPGÅVER frå staten til fylket er det ei desentrali­sering. Når fylket overtar makt frå kommunen er det ei sentralise­ring. Styresmakt­ene må passe på at den maktspreia­nde kommune- og regionrefo­rma ikkje ender opp med å sentralise­re noko av det viktigaste kommunane driv med.

Då tapar det lokale sjølvstyre­t.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway