Bergens Tidende

– Er det vondt? – Ja!

- KJERSTI MJØR kjersti.mjor@bt.no; foto ØRJAN DEISZ

Bergensara­r sto i kø for å tatovere seg til inntekt for arbeidet mot barnekreft.

Venteromme­t i Øvregaten er stappfullt. Naer femti personar står i kø for å bli merkte for livet då BT var innom laurdag. Kanskje med ei rose eller ein binders eller fire små bokstavar. Love.

Har sju frå før

Leni Ravnøy Eriksen studerer arket med enkle tatovering­ar til 500 kroner stykket. Ho er nummer tolv i køen og blir snart ropt opp, men klarar ikkje å bestemme seg.

– Eg tar det der og då!

– Ei tatovering har du resten av livet. Tenk om du angrar?

– Heilt uproblemat­isk! Eg har sju frå før, så dette er eit val eg tok for lenge sidan. Eg har likt tatovering­ar heilt sidan eg var liten.

Ribbein og leggar

Laurdag jobba tatovørar over heile landet gratis til inntekt for arbeidet mot barnekreft.

På Skin Fuel Empire i Bergen gjekk tatovering­smaskinane på høggir.

Ein time etter opningstid har dei tatovert leggar og armar og ribbein for 10.000 kroner, og innsamling­sdugnaden er berre så vidt i gang.

– Målet er å slå fjorårsrek­orden på rundt 80.000 kroner. I dag handlar det om å gi til arbeidet mot barnekreft, og så gir vi eit lite symbol tilbake, seier Christian Melum, tatovør og medeigar i Skin Fuel Empire.

– Neste! Nummer 12! – Her!

– Kjempekult

Leni Ravnøy Eriksen sprett opp og bestemmer seg der og då. Frå før har den 45 år gamle kokken tatovert både sommarfugl­ar og epleblomar og himmel på kroppen. No går ho for ei lita rose, på handleddet.

Tatovør Melum tek på svarte plasthansk­ar og startar maskina. Han har tatovering­ar over heile kroppen, den glattbarbe­rte skallen inkludert.

– Folk med masse tatovering­ar kan bli oppfatta som litt skumle. Derfor er det kjempekult at nettopp dei går i bresjen for noko så positivt som å bidra til arbeidet mot barnekreft, seier Eriksen medan Melum gjer jobben sin. – Er det vondt?

– For å seie det sånn: Det er ikkje deilig. Men når det er over, er det over.

Debutant

Cecilie Ailinn Ekren (21) er litt nervøs. Ho skal ta si første tatovering. Få minutt seinare har ho ei permanent sikkerheit­snål på venstre overarm.

Venninna Mina Gui Kvamme Isdahl er neste. 21-åringen gler seg til si fjerde tatovering.

– Kan eg ta to, spør ho så snart ho har lagt seg på benken til Melum.

– Då må du i så fall stille deg i kø igjen. Elles blir vi her til i morgon.

Ansiktet til Isdahl vrir seg i smerte då Melum tatoverer ordet «love» på ribbeinet hennar.

– Er det vondt?

– Ja!

Kanskje ei tatovering er nok.

 ??  ?? «LOVE»: Mina Gui Kvamme Isdahl var ein av mange som brukte laurdagen til å ta tatovering. Alle inntektene frå den nasjonale «Kroppskuns­t mot barnekreft»-aksjonen går til kreftsaka.
«LOVE»: Mina Gui Kvamme Isdahl var ein av mange som brukte laurdagen til å ta tatovering. Alle inntektene frå den nasjonale «Kroppskuns­t mot barnekreft»-aksjonen går til kreftsaka.
 ??  ?? TATOVØREN: Mange i familien til Christian Melum har hatt kreft.
TATOVØREN: Mange i familien til Christian Melum har hatt kreft.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway