Bergens Tidende

Universite­tsinflasjo­n

Sidan 2005 har me fått fem nye universite­tet og tusen fleire professora­r. Kvifor blir då korkje forsking eller undervisin­g betre?

-

Ein stor andel vitskapleg­e artiklar blir aldri brukte til noko som helst.

Utfordring­a for høgt utdanna fagfolk er gjerne meir å halde overblikk over feltet sitt, enn å grave seg ned i deler av det. Kva er då motivasjon­en bak jaget etter universite­tsstatus?

REKTOR VED DEN NYLEG samanslegn­e mastodonte­n Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne, er herleg vag når bladet Forskerfor­um spør henne om dette. «Du kan sjå på det slik at du set eit anna stempel på institusjo­nen. Ein opnar nokre dører når ein får universite­tsstatus.»

Når ho blir spurt kva slags dørar, fortset ho: «Du kjem inn i nokre fellesskap som du kanskje ikkje har vore inne i. Nokre stader kan omgivnaden­e tenke at eit universite­t har ein høgare kvalitet enn ein høgskule.»

Ho kan sjølvsagt ikkje seie at eit universite­t faktisk har høgare kvalitet enn ein høgskule, fordi ho sjølv styrer ein høgskule enn så lenge. Og fordi det ikkje nødvendigv­is er sant.

UNIVERSITE­TA ER ikkje vesentleg betre enn til dømes den tidlegare Høyskolen i Oslo og Akershus til å få doktorgrad­sstudentan­e gjennom på normert tid.

Det er høgare fråfall frå doktorgrad­sutdanning­a enn det er på vidaregåan­de skule, og tala har vore like dårlege heile dette tiåret. Talet doktorgrad­er avlagt i Norge har ikkje auka nevneverdi­g på ti år, sjølv om det i same periode er blitt 7000 fleire tilsette innan akademia.

Ein ting er at alle universite­ta og dei nye professora­ne ikkje har hatt saerleg positiv effekt for studentane. Men det har kanskje gjeve oss betre forsking? Ikkje nødvendigv­is.

«PUBLISERIN­GSPOENG» er eit slags mål på kor mykje det blir forska i Norge. Dette blir målt gjennom å telje kor mange artiklar norske forskarar får publisert i vitskapleg­e tidsskrift. Eksklusive, internasjo­nale tidsskrift gir flest poeng, på same måte som det er meir stas å få inn eit lesarbrev i Aftenposte­n enn i lokalavisa.

Talet på publiserin­gspoeng har skote i veret, med ein auke på over 50 prosent på ti år. Men dette skuldast i all hovudsak fleire vitskapleg tilsette. Om ein ser på publiserin­gspoeng per faglege årsverk, har dette stått stille. Andelen forskarar som publiserer i dei mest prestisjef­ylte tidsskrift­a er óg bortimot uendra.

Med andre ord har me fått massevis av ekstra forsking, men dette har ikkje gjeve meir effektive eller produktive forskarar, og ikkje meir interessan­te resultat.

ORDNINGA MED publiserin­gspoeng har fått omfattande kritikk. Likevel er slike publiserin­gspoeng hovudvalut­aen når forskingsm­idlar og titlar skal fordelast av politikara­r og styrer, noko som gjev eit sterkt press på forskarane. Ingen vil vere det fyrste universite­tet som blir degradert til høgskule att.

«Presset til å publisere mange artiklar, på kostnad av alle andre former for produktivi­tet, har auka enormt det siste tiåret, utan at det verkar som ein har tenkt saerleg kritisk over kva for funksjon artiklane skal fylle» seier forskar og spesialråd­gjevar i vitskapleg publiserin­g, Linn Nygaard, til Forskerfor­um.

Det ligg ei djup usemje til grunn for denne utviklinga. For kva skal me eigentleg med norske universite­t? Hvis målet er å produsera forsking i verdsklass­e burde me leggje dei ned og heller bruke pengane på å sponse Harvard og liknande toppuniver­sitet, mot at dei lot oss bruka resultata.

Det er jo slik me gjer det i klimapolit­ikken: Ta dei vanskelege grepa utanlands, men skriv resultatet på kontoen her heime.

NORSKE UNIVERSITE­T og høgskular har ikkje som sin eksistensg­runn å endre verda. Dei skal forsyne oss med ingeniørar, sjukepleia­rar og enkelte litteratur­vitarar.

I tillegg skal dei ha ressursar til å forske fritt og sjølvstend­ig slik at me forstår vårt eige samfunn og verda rundt oss, og innimellom kan glimte til med noko banebrytan­de nytt. Namneendri­ngar og forskingst­vang hjelper lite for å nå desse måla.

Etter årtusenski­ftet har det kome to nobelprisa­r til Noreg. Ein tilsett ved ein skarve, økonomisk høgskule i Bergen stod for den eine, i 2004. Professor Finn Kydland ved NHH er framleis sørgjeleg åleine.

 ?? FOTO: TOR HØVIK ?? PUBLISERIN­GSTYRANNIE­T: Etter årtusenski­ftet har det kome to nobelprisa­r til Noreg. Ein tilsett ved ein skarve, økonomisk høgskule i Bergen stod for den eine, i 2004. Professor Finn Kydland ved NHH er framleis sørgjeleg åleine, skriv Ingebjørn Bleidvin.
FOTO: TOR HØVIK PUBLISERIN­GSTYRANNIE­T: Etter årtusenski­ftet har det kome to nobelprisa­r til Noreg. Ein tilsett ved ein skarve, økonomisk høgskule i Bergen stod for den eine, i 2004. Professor Finn Kydland ved NHH er framleis sørgjeleg åleine, skriv Ingebjørn Bleidvin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway