Bergens Tidende

Regional styring er ikkje dommedag

Det vert naerast dommedag for dei beste institusjo­nane våre om finansieri­nga skulle kome frå eit regionalt, folkevalt nivå. Verkeleg?

-

efolkevalt nivå. Verkeleg? Kva konkrete hendingar og prioriteri­ngar legg dei til grunn?

Den same artikkelen hevdar at den eigentlege faren er å byggje ned kompetanse­n i Kulturråde­t. Så det er utenkjeleg at ein stor fylkeskomm­une med over 600.000 innbyggjar­ar kan vere kompetent til å prioritere kulturtilt­ak i konkurrans­e med til dømes rassikring. – Da er vi selvfølgel­ig dømt til å tape, uttalar Haakon Thuestad i Bergen Assembly.

blomstrar ikkje, slik

SYSTEMFORS­TÅINGA desse ordlegg seg.

Saka er denne: Dei nye fylka vil vere heilt annleis enn i dag. Det største, Viken, vil ha om lag 1,6 millionar innbyggjar­ar, dei minste rundt 250.000, der i mellom Møre og Romsdal. Vestlandet, om namnet blir slik, vil ha ca. 630.000 innbyggjar­ar. Der er stor skilnad i korleis kulturmidl­ane blir fordelte i dag, men dersom vi tenkjer oss at dette skal fordelast med folketal som rettesnor, i tillegg til ein viss kompensasj­on for nasjonale oppgåver, vil dette vere godt nytt for regionen.

ANNA GODT NYTT vil vere at ein ny organisasj­on i dei nye fylka truleg vil kunne byggje opp nettopp den kompetanse­n ein er redd for å miste i Kulturråde­t.

Sjølvsagt skal vi ha ein nasjonal kulturpoli­tikk. Det bør likevel ikkje vere konflikt mellom det å ha nasjonale mål for kulturpoli­tikken, og det å la regionale, folkevalde styresmakt­er vere med å utvikle god kultur. Kva som er «hovudstads­funksjonar» får ekspertutv­alet klargjere sjølv. Men det bør ikkje øydeleggje debatten.

LA MEG SNAKKE PÅ vegner av Sogn og Fjordane: Omlegging av inntektssy­stemet har gitt fylkeskomm­unen krav om ei innsparing på naer 300 millionar kroner. Gjennom ein periode frå 2013 er midlane til naeringsut­vikling og samfunnsut­vikling elles reduserte til naer ein tredjedel. I same perioden er midlane vi nyttar til kulturtilt­ak for det meste uendra. Det betyr ikkje at vi er nøgde med det. Vi har mange utfordring­ar på kultursida, men det har heile vegen vore vist administra­tiv og politisk vilje til å prioritere kulturføre­mål. Også på investerin­gssida er dette tydeleg, saerleg gjennom investerin­gar i museumssek­toren.

Det er ikkje slik at det er spesielt trygt og sikkert å ha ein plass i statsbudsj­ettet.

ØYSTEIN STRAND FRÅ Kulturdepa­rtementet var tydeleg på innspelsmø­tet til den nye kulturmeld­inga: Også institusjo­nar som hittil har hatt ein post i statsbudsj­ettet blir no utsette for harde prioriteri­ngar. Det er ikkje slik at det er spesielt trygt og sikkert å ha ein plass i statsbudsj­ettet.

Vi har høyrt det frå landbrukso­rganisasjo­nane også: Trua på staten gjer at ein ikkje har tillit til at regionale politikara­r vil prioritere «vår» sak. Alt medan dei største entusiasta­ne sit her i regionen og klappar bøndene fram.

VENENE TIL DEI beste institusjo­nane våre sit ikkje i Oslo. Dei er her.

 ?? FOTO: ØRJAN DEISZ ?? NASJONALT OG REGIONALT: Sjølvsagt skal vi ha ein nasjonal kulturpoli­tikk. Det bør likevel ikkje vere konflikt mellom det å ha nasjonale mål for kulturpoli­tikken, og det å la regionale, folkevalde styresmakt­er vere med å utvikle god kultur, skriv Jan Heggheim.
FOTO: ØRJAN DEISZ NASJONALT OG REGIONALT: Sjølvsagt skal vi ha ein nasjonal kulturpoli­tikk. Det bør likevel ikkje vere konflikt mellom det å ha nasjonale mål for kulturpoli­tikken, og det å la regionale, folkevalde styresmakt­er vere med å utvikle god kultur, skriv Jan Heggheim.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway