Bergens Tidende

I skogen kjem han i kontakt med den han eigentleg er

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto GEIR MARTIN STRANDE

Kenneth Thorsen (30) har rusa seg i 15 år. Hardt arbeid i skogen hjelper han tilbake til eit verdig liv.

– Det er ikkje noko å trakta etter.

Kenneth Thorsen snakkar om det gamle livet sitt, med alkohol og amfetamin og alt anna som fekk han til å kjenna seg frisk og feien.

Byrja som 15-åring

Sola kjem fram og får øyrepynten til å funkla under den svarte luggen.

Spora i snøen går nedover bakkane, til der trestamman­e ligg strødd.

Thorsen kjenner på sveitten i panna og musklane under skjorta at han har gjort manns arbeid. No er det lunsjtid, og praten går muntert i eit fellesskap der det ikkje er skilnad på brukarar og tilsette.

30-åringen frå Erdal på Askøy tok til tek han del i eit rehabilite­ringsprosj­ekt der fysisk aktivitet, friluftsli­v og hardt fysisk arbeid er viktige verkemidde­l.

– Eg har vore innom fleire etterverns­institusjo­nar, men dette er det klart beste tilbodet. For meg, understrek­ar Thorsen.

Han har som mål å koma seg i arbeid og tena eigne pengar etter kvart. Gjerne i rusomsorge­n.

– Det er eit fag eg har doktorgrad i!

Kommunalt tiltak

Det er Arna Aktiv som står bak tilbodet.

Arna Aktiv er eit kommunalt tiltak organisert under Nav Arna. Det er eit byomfattan­de rehabilite­ringstilta­k for personar med rusmiddela­vhengighei­t.

Sentralt i filosofien er fysisk aktivitet, inkludert fysisk krevjande arbeid.

I Kvamsdalen har dei halde på i halvanna år. Ei tilgrodd skråning på rundt 70 mål kan snart takast i bruk att som beiteland av grunneigar­en og bonden, Trond Kvamme.

– Her skal eg ha sauene gåande om

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway